Aktuelt og kunngjeringar

Endring i barnevaksinasjonsprogrammet: Kikhostevaksine til gravide for å beskytte det ufødte barnet

Dei siste åra har det vore auka smitte med kikhoste i Norge og verda. Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon prega av hoste. Smitte kan gjere dei minste borna alvorleg sjuke. Tradisjonelt får barn vaksine mot kikhoste frå 3 månaders alder, men me ser behov for å beskytte dei minste tidlegare. På bakgrunn av auka smitte i samfunnet og at barna har dårleg vern mot kikhoste inntil eiga vaksine har FHI anbefalt at me vaksinerar barnet via mor.

Sykle til jobben-aksjonen

Bømlo kommune og Velferdsklubben har i år gått saman for å sikra gratis deltaking for alle innbyggjarane våre i årets Sykle til jobben- aksjon i tidsrommet frå 3. mai til 16. juni. All aktivitet til og frå jobb og på fritida tel.

Dialogmøte om bustadar for framtida

Byggenæringa tok godt imot invitasjonen til dialogmøtet med kommunen der temaet var Bustader for framtida. På årets møte var særleg bu lengre heime og det generasjonsvennlege samfunnet tema.

Urovekkande dopingtrend blant unge

Antidoping Norge er bekymra for ein treningskultur blant unge på avvegar, der utsjånaden og ein muskuløs kropp er viktigare enn helsa og der unge menneske vert freista til å ta snarvegar for å oppnå draumekroppen.  Fredag 26. april var det eit fylkesseminar om doping og folkehelse i Stord kulturhus arrangert av stiftinga Antidoping Norge, Vestland fylkeskommune, Stord kommune og Bømlo kommune.

Flott 60-årsmarkering for Hillestveit skule

Elevar og stab med støtte frå foreldre og bygda stelte i stand ei imponerande 60-årsmarkering for den gamle delen av Hillesteveit skule torsdag 18. april. Frå inngangen på raud laupar akkompagnert av Hillestveit skulekorps vart den gamle gymsalen fylt til randen av jubileumsgjestene.

Torunn blir ny kommunalsjef

Torunn Laurhammer er tilsett som ny kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo kommune frå 1. august. 

Grendeutvala vil samarbeida tettare

- Det er viktig å møtast og snakkast saman for å utveksle erfaringar, helsa ordførar Morten Helland då han opna det årlege dialogmøtet mellom grendautvala og kommunen nyleg. Samarbeidsmøter mellom dei ulike krinslaga og grendeutvala utanom dette årlege møtet er noko dei no ynskjer å satsa på.

Redusert kapasitet på byggesak

Det er for tida redusert kapasitet på avdeling for byggesak. Kundar må rekna med at det tek ekstra tid å få svar på spørsmål og søknader.

Hugs generelt bålforbod

Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg. 

Innspelsmøter i grendautvala

Grendautvala i kommunen er i full gang med å arrangere sine årlege innspelsmøter. Dei inviterer inn bygdafolket til å møte kommunen sin administrasjon for å få orienteringar om kommunale planar og prosjekt, og kome med sine innspel til desse og ting dei sjølve er opptekne av.

Til toppen