Om Bømlo

Velkommen til Bømlo - sagaøya der skaparkraft ligg i folkesjela!

I øykommunen Bømlo er du aldri langt frå sjøen. Du kan oppleva vill og rå sjø, men også milevidt, blenkjande hav med Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen er eit eldorado for fiskeinteresserte, og har mange overnattingstilbod der ein og får høve til å freista fiskelukka frå båt eller land. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke. 

Det maritime miljøet pregar næringslivet. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar. På Bømlo finn ein vekslande natur, frå det karrige landskapet ytterst mot havet, til meir frodige område.

Les meir her om å vera turist i Bømlo

Fakta

  • 12 190 pr. 1. kvartal 2023
  • Flateinnhald: 247 km2. Siggjo - høgaste fjelltopp 474 moh 
  • Kommunesenter: Svortland
  • 5 lokalsentrum: Finnås, Langevåg, Moster, Rubbestadneset og Svortland
  • 9 skular med 1721 elevar - kulturskule og vaksenopplæring
  • 1 fylkeskommunal vidaregåande skule (Bømlo vidaregåande skule - lokasjon Leite og  Rubbestadneset )
  • 1 folkehøgskule (Bømlo folkehøgskule)
  • Full barnehagedekning med 8 barnehagar
  • Over 100 institusjonsplassar
  • Ca. 150 kommunale bueiningar
  • Over 700 bedrifter, eit høgteknologisk miljø, mekanisk industri, rederiverksemd, havbruksnæring, reiselivs-, handsels- og servicenæringar
  • Over 300 frivillige lag og organisasjonar

Historie

Noverande Bømlo kommune vart til 01.01.63, etter samanslåing av dei tre kommunane Bømlo kommune, Moster kommune og Bremnes kommune. 

Dei siste ordførarane i dei tre tidlegare kommunane var:

  • Bremnes: Peder P. Stavland (fortsette ut 1963 til neste ordinære kommunestyreval)
  • Bømlo: Enok Eide
  • Moster: Harald Gjerde

 

tolv ordførarportrett og kommunevåpen på vegg. Foto - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland

 

Ordførarar Bømlo kommune

Ordførarar Bømlo kommune
Periode Ordførar Varaordførar
1964-71 Gunnar Mjånes (KrF) Harald Gjerde (bygdeliste)
1972-75 Malvin Meling (H) Kr Husø (bygdeliste) (72-73) Lars L. Amundsen (bygdeliste)
1976-83 Arne M. Haldorsen Kr. Husø (76-79) Olav Svendsen (H)
1984-85 Bjarne Kristiansen (A) Bjørn Lavik (KrF)
1985-87 Bjørn Lavik (KrF) Martin Sørenes (A)
1988-95 Annemor Jensen (V) Øyvind Halleraker (H) Sammy Olsen (H)
1995-97 Marit Elisebet Totland (KrF) Georg Lønning (bygdeliste)
1997-98 Georg Lønning (bygdeliste) Ola Ersland (KrF)
1998-99 Ola Ersland (KrF) Georg Lønning (bygdeliste)
1999-07 Inge Reidar Kallevåg (H) Ola Ersland (KrF)
2007-11 Inge Reidar Kallevåg (H) Arnfinn Halderaker Husby (KrF)
2011-15 Odd Harald Hovland (Ap) Arnfinn Halderaker Husby (KrF) Jorunn Løklingholm (KrF) (12-15)
2015-19 Odd Harald Hovland (Ap) Sigrun Alvsvåg (KrF) Morten Helland (KrF) (16-19)
2019- Sammy Olsen (SP) Ragnfrid Sønstabø (H)

Her kan du lesa om ordførarkjedet i Bømlo kommune

Om kommunevåpenet til Bømlo

Til toppen