Kvar fredag er Magnus Ørstavik ved Aktivitetstunet spent på om han får ein blå bil å vaska frå heimetenesta.
- Det er så mykje glede i denne jobben, smiler miljøterapeut Evy Bjørkheim. Kvardagen i Habiliteringstenesta byr på mykje humor, glede, utfordringar og stoltheit.
Firmaet Linjeproff AS varslar om sanering av kabel/skap/stolpe for Telenor i områda Håvikvåg og Mæland. Dei vil byrja arbeidet i løpet av mai (veke 19) og halda på fram til november 2024.
Bømlo kommune har fleire spennande jobbar ledige og stiller på stands under Sunnhordlandstreff måndag 20. juni kl. 17.30 i lokala til Stord Folkehøgskule i Leirvik sentrum.
Kommunestyret vedtok 12. desember budsjett for 2023 og økonomiplan 2023-2026. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter la fram sitt forslag for kommunestyret måndag 7. november og dette vart handsama i formannskapet sine novembermøter.
Det er trangt ved hovudinngangen til Bømlo bu- og helsesenter (BBH). Dette er eit stort problem for ambulansen, og det skjer ofte til trass for god oppmerking og skilting om parkering forbode.
Fredag 30. desember 2022 vart Bømlabrua stengt i over ni timar etter ein trailertilhengar velta over ein møtande personbil grunna sterke vindkast. Publikum forventar god informasjon uavhengig av kven som har ansvaret, og Bømlo kommune jobbar med å bli betre på dette feltet. Under finn du nyttige lenkjer det kan vere lurt å ha lett tilgjengeleg.
Barn og unge er hovudmålgruppe for 1000-årsjubileet Moster2024 "feira fortid - forma framtid". Dette ber også det storslagne jubileumsprogrammet som vart presentert måndag 23. januar preg av. Det blir mellom anna festkonsert i regi av kulturskulane i Sunnhordland, ei barneførestelling og ein flott konsert med Bømlo TenSing under jubileumsdagane 29. mai til 2. juni 2024.
Eigedomsskattelista for Bømlo kommune vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i ein månad frå 1. mars.
I dag vart Statens vegvesen sine Vegtrafikkapp og varslingstenester for sms-abonnement på Bømlabrua og Stordabrua aktivert.