Aktuelt og kunngjeringar

- Må styrka dagtilbod og heimetenestene

- Denne saka har ikkje oppstått akutt, men er blitt jobba godt med sidan me i fjor vår vedtok Handlingsplan for Helse, sosial og omsorg 2023-2024. Det sa leiar Jørgen Søvold (H) i hovudutval for levekår før fleirtalet på 7 mot 2 røysta for kommunedirektøren sitt framlegg i saka om sjukeheimstilbod og heimetenester. 

Krevjande saker i Levekår

Korleis skal Bømlo kommune kunna gje gode helse og omsorgstenester i ei framtid med mindre tilgang på arbeidskraft og strammare økonomiske rammer? Det er bakgrunnsteppe for Hovudutval for levekår som får to særs krevjande saker om sjukeheimstilbod og heimetenester og Habiliteringstenesta i framtida til handsaming 14. mai. 

Søkja redusert foreldrebetaling i barnehage

Dersom du har låg inntekt kan du søkja om redusert foreldrebetaling i barnehagen for året 2024 - 2025. 

Ein god stad å trivast

Trivselshuset er eit dagtilbod for heimebuande eldre i regi av Bømlo heimeteneste. Med eigen minibuss og tenestebilar hentar og bringar dei frå heimane til brukarane.

Utbetring av Leirdalskrysset

Arbeidet med oppgradering av Leirdalskrysset tek til rett etter pinse og vil pågå i omlag åtte veker framover. Vegen vert open under anleggsperioden.

Bjørnis med på stortilt opning for ny brannstasjon

Stortingsrepresentant, ordførar, kommunedirektør, brann- og politisjef vart alle stilt i skyggen av Bjørnis under den offisielle opninga av den nye hovudbrannstasjonen på Svortland tysdag. - Dette er ei stor glede og ære for meg, sa ein stolt ordførar Morten Helland då han klyppa snora. Brannsjef Ove Halleraker lova ein open dag for bygdafolket seinare i juni.

- Tenk brannførebygging

- Røykforgiftning er den største årsaka til dødsfall i brannar. Difor er det lurt å ha tenkt gjennom kva ein skal gjere og korleis ein skal kome seg ut om det byrjar å brenna, fortel leiar for brannførebygging Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.

Søkjer skjenkekontrollør

Det er tre ledige stillingar som kontrollør av kommunale salgs- og skjenkebevillingar.  Sauda er vertskommune og står som arbeidsgjevar, og det er ein fordel at du kjem frå ein av samarbeidskomunane som også tel Bømlo.

- Det hastar med omstilling

- Etter ein 25 år lang kommuneopptur i Norge kjem no Den perfekte storm som gjer at også Bømlo kommune er i ferd med å gå på ein kjempesmell. Det vil framover handla meir om mangel på folk enn om mangel på pengar, men først og fremst handlar det no om mangelen på tid, seier Håvard Moe. 

Forbetra universell utforming av bomlo.kommune.no

Bømlo kommune har no lagt til ny funksjonalitet på heimesidene våre i form av oversetting til 40+ språk samt ulike tilgjengelighetsverktøy for utfordringar med t.d. syn/hørsel og dysleksi.

Til toppen