- Tenk brannførebygging

- Røykforgiftning er den største årsaka til dødsfall i brannar. Difor er det lurt å ha tenkt gjennom kva ein skal gjere og korleis ein skal kome seg ut om det byrjar å brenna, fortel leiar for brannførebygging Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.

mann held presentasjon føre storskjerm - Klikk for stort bileteAvdelingsleiar brannførebygging Bjørn Hroar Sortland orienterer om brannårsaker og førebygging. Simon Knutsson Sortland

Han understrekar at brannførebygging i heimen er særs viktig, og at det er mykje ein kan gjere for å sikra heimen.

Husbrannslange

Det er mange ulike hjelpemidlar å ha i heimen, som seriekopla røykvarslarar i alle rom, brannslukkingsapparat, brannteppe, komfyrvakt, tidsinnstillar på kaffitraktaren, brannstige med meire. Ein husbrannslange kan for mange vere enklare å bruka enn eit brannslukkeapparat.

Viktige tips er å aldri forlata elektrisk utstyr som er i bruk som til dømes vaskemaskin, tørketrommel o.l. Det same gjeld sjølvsagt levande lys. Kanskje bruk batterilys i staden for? 

- Det viktige for folk å tenkje på er sin eigen helsetilstand. Korleis kan du sikra heimen slik at du ikkje møter hindringar om det byrjar å brenne, til dømes ein stol som blokkerer terrassedøra. Sortland peikar også på at det er mykje god informasjon å henta om ladevettreglar og branntrygging i heimen.

Kontakt: Brannførebyggjar/feiar Tlf. 917 14 199

Sjå heile På døra veke 19 (PDF, 716 kB)

Om prosjektet På døra

Brannførebygging er tema i veke 19 i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen