Aktuelt og kunngjeringar

Kransalag for BVO-tilbygg

- Endeleg får me samla alt i eit bygg midt i kommunesenteret. Det betyr veldig mykje for både kursdeltakarane og personalet ved Bømlo vaksenopplæring.

Asfaltering av kommunale vegar

Teknisk drift skal frå 13. september og utover asfaltere ca. 2,9 kilometer på kommunale vegar. 

Champagnestart for sykkel-vm

Kort- og rehabiliteringsavdelinga (KOR) ved Bømlo bu og helsesenter markerte starten på VM i Road Worlds for seniors, eller sykkel-vm, ved å spretta champagneflaska i dag 6. september klokka 10.00. Jostein Nesse fekk æra av å sykla første etappe Storavatnet rundt.

Fullfinansiering for Moster 2024

- Dette er i fantastisk gladnyhende for riksjubileet Moster 2024 og Bømlo kommune. Det er verdt å takka alle som har jobba for å få dette til, strålar ordførar Sammy Olsen. Moster 2024 AS sin søknad om sluttfinansiering av 1000-års jubileet for innføringa av Kristenretten på Moster i 1024, med 7 millionar kroner fordelt over 2022-24, er innvilga.

Rådhuset og biblioteket er blitt Miljøfyrtårn

Bømlo kommune har fått sertifisert rådhuset og Bømlo folkebibliotek som Miljøfyrtårn. Onsdag vart dette markert med overrekking av plakett og kake i rådhuset. - Bømlo kommune er den største verksemda i kommunen, og har soleis eit ansvar for å gå føre som ein god rollemodell for miljø- og samfunnsansvar, seier ordførar Sammy Olsen.

Me blir fleire bømlingar

- Gledeleg å sjå at bømlingane er i siget for å auka folketalet i kommunen, konstaterar ein nøgd ordførar Sammy Olsen. Me er no 12 059 bømlingar pr andre kvartal 2021. Dette er ein vekst på 58 personar.

Førsteklasses ved Meling skule

Måndag 16. august kunne rektor Katrine Hausberg ynskja 32 nye førsteklassingar velkomen til flunkande nye klasserom og nytt SFO-bygg på Meling skule. Anna i 1 A synest det er finast inne medan Hans i 1 B syns uteplassen er best – men begge syntes skulen og SFO-lokala er heilt førsteklasses.

Vigilo også for skulane våre

Bømlo kommune tek frå skuleåret 2021/2022 i bruk Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule. SFO og barnehagar i kommunen brukar allereie løysinga.

Velkomen til nytt skuleår!

Velkomen attende til nytt skuleår og spesielt velkomen til dykk som har eit første møte med Bømloskulen eller som startar på ein ny skule – me gler oss til å bli betre kjende, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

Velkomen til skulestart

Velkommen til nytt skuleår. Grunnskulane i Bømlo startar opp måndag 16. august.

Til toppen