Bli lærling hos oss

Treng du lærlingeplass innan faga barne- og ungdomsarbeidar, ikt-driftsfag eller som helsefagarbeidar? Då er Bømlo kommune arbeidsplassen for deg. Søknadsfrist er 3. mars.

Bømlo kommune tek inn 12 lærlingar i år. Hos oss vil du ta del i og få opplæring i ordinære arbeidsoppgåver for fagområdet. Me er oppteken av at du skal oppleva meistring gjennom læretida.

Lær meir om stillingane og søk lærlingeplass i Bømlo kommune

Barn i aktiv leik med vaksen tilstades. - Klikk for stort bileteBarn i aktiv leik med vaksen tilstades. Bømlo kommune, Magne Langåker
Til toppen