Bremnes sogelag for historieinteresserte

Bremnes sogelag vart skipa i 2022. Laget arbeider med å samla og publisera lokalhistorisk tradisjon og kunnskap frå nordre del av kommunen.

Framsidebilete av bladet Klaffetelegrafen.

Saman med Bømlo tur- og sogelag, Moster sogelag og Espevær historielag har dermed alle bygdene i kommunen eit forum for sogeinteresserte.

Bremnes sogelag inviterer til sogekveldar med foredrag og drøs om heimbygda i eldre tid, og gjev om hausten ut årboka Klaffetelegrafen der lokale skrivarar utfaldar seg;. No førebur me tredje årgangen. Laget har om lag hundre medlemar, men har plass til fleire. Ynskjer du medlemskap, er det enklast å melda seg inn med SMS til 918 65 873. Me treng også e-postadressa di, om du har den slags.

Har du spørsmål eller innspel til sogelaget, ta kontakt med:
leiar Sindre Nilsen, telefon 955 22 919 eller e-post: sindre79nilsen@gmail.com

Bremnes Sogelag på Facebook

Sjå heile På døra veke 11 (PDF, 2 MB)

Om prosjektet På døra

Bremnes sogelag er tema i veke 11 i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa.

I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen