Flott 60-årsmarkering for Hillestveit skule

Elevar og stab med støtte frå foreldre og bygda stelte i stand ei imponerande 60-årsmarkering for den gamle delen av Hillesteveit skule torsdag 18. april. Frå inngangen på raud laupar akkompagnert av Hillestveit skulekorps vart den gamle gymsalen fylt til randen av jubileumsgjestene.

dame foramn elevar på scene - Klikk for stort bileteRektor Torunn Hatlevik føre elevar under velkomsten til 60-årsmarkering ved Hillestveit skule. Simon Knutsson Sortland

Flagget vaia friskt i toppen av flaggstanga og i dei flotte blomebedene kring skulebygget. Her var hengt opp ballongar og stemninga satt før rektor Torunn Hatlevik kunne ynskje alle velkomen. Gamledelen er frå 1963,men sidan ho byrja i stillinga 1. august i fjor utsette dei feiringa til i år. Elevane hadde klargjort klasseromma med flotte utstillingar, det var filmframsyningar og kafè. Gjestene fekk servert kanapear og drykk frå høgstetta glas, i tillegg til pølse i brød, saft, kaffi og all slags gode kaker. Ute var det bålpanne ein kunne grille eigne pølser eller brød. Både gamle, dagens og framtidige elevar vandra gjennom skulebygget for å få med seg alt som var stelt i stand.

- Ein god plass å vere

- Eg vart godt teken imot når eg byrja å jobba her, opna rektor Torunn Hatlevik. Dette er ein god skule der det er godt å vere, med fantastiske elevar og tilsett. Me opplever god støtte frå foreldra og heile bygda, understreka Hatlevik. Ho takka alle for den flotte innsatsen dei hadde gjort i førebuingane.  Deretter var det flott korsong frå elevane i 1.-4. klasse og informasjon frå avdelingsleiar Kristoffer Grindheim og tillitsvald Karianne Habbestad.

Varaordførar Ragnfrid Sønstabø heldt jubileumstalen. Godt krydra med eigne minner frå kjekke bassengtimar som avbrekk frå skulen på Espevær mangla det ikkje på godord. - På Langevåg er de gode på å byggje identitet og  svært glade i skulen. Det viser det store engasjementet og dei utallige dugnadstimane lagt ned for skulen som truleg har det flottaste utemiljøet i heile kommunen vår. Ho takka både elevar og stab for den flotte innsatsen dei legg ned for skulen som framstår velhalden og godt dreven.

Ho peika på at også Hillestveit står føre nedgang i fødselstala og framtidige elevar, men at det lokale næringslivet og innsatsen bygda legg ned for å skapa eit attraktivt lokalsamfunn ser framtida lys ut. - Hald fram det gode arbeidet, ta vare på dugnadsånda og det tette samarbeidet mellom heim, skule og næringsliv.

Historietime 

Kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund trakk i si helsing fram nokre historiske liner og utviklingstrendar me ser i norsk skule i dag. Ikkje minst innhaldet i dagens skule for 1.-10 trinn. - Me spør oss om den dalande motivasjonen frå 1. opp mot 10. trinn kan ha noko med innhaldet i skulekvardagen å gjere? Korleis kan me skapa ein meir praktisk og variert skulekvardag i tillegg til det teoretiske er på den nasjonale agendaen. I tillegg sjølvsagt korleis nytte dei digitale hjelpemidlane me no rår over. Hillestveit skule har med sitt flotte utemiljø, nærmiljø og ein god stab alle føresetnadar for å lukkast. Ein god parallell til sangen me høyrde i stad om å læra å leika og leva i fred. Gratulera med jubileumsmarkeringa, sa Bjørklund.

Bernt Emil Vika fekk ordet og trakk dei historiske linene heilt frå Svartedauden i 1349, gjennom dansk einevelde, lov om almenn skule på 1700-talet, etableringa av Finnås kommune i 1838 til det første skulehuset vart bygd på Søre Bømlo i 1896. Vidare fram mot 1963 då første del av dagens skule vart bygd og heilt opp til i dag. På Fridtun bedehus, blant dei eldste bedehusa i landet, kan folk vitja Bømlo tur og sogelag si utstilling for å læra meir. 

Etter det offisielle programmet var det tid for synfaring over heile skuleområdet og i alle klasserom, å mimra om gamle skuledagar over ein kopp kaffi og velsmakande kaker, eller ta ei pølse i brød og springa ut og leika. Ein flott møtestad for alle generasjonar. 

Bømlo kommune gratulerar Hillestveit skule med 60 år!

Til toppen