Fyrtårn for blomsterkjede

- Eg vonar at de vil inspirera andre lokale verksemder til også å miljøsertifisera seg, og at det er viktig sjølv for mindre verksemder. Det sa ordførar Morten Helland då han gratulerte og overrekte Flora Blomster AS provet på at dei no er miljøtårnsertifisert.

to damer får overrekt plakett av mann - Klikk for stort bileteIna Michelle Haugland Mæland (t.v) og dagleg leiar Hildegunn Mæland Solheim i Flora Blomster AS mottek provet på at dei er eit miljøfyrtårn av ordførar Morten Helland. Anastasiia Starzhynska

- Takk. Det har vore mykje arbeid, men det er viktig, takka dagleg leiar Hildegunn Mæland Solheim. Som første bedrift i kjeden er vårt sertifiseringsarbeid blitt malen for heile konsernet InterFlora. Å vere Miljøfyrtårn er ikkje minst viktig for å kunne delta i og vinne anbod, fortel ho. Solheim hentar fram kollega Ina Michelle Haugland Mæland som har vore sentral i dette arbeidet.

Dei meiner den største gevinsten for verksemda deira er at dei har fått orden på HMS-arbeidet og kan dokumentera at dei tilsette har det bra. Vidare garanterer dette sertifikatet at dei ikkje handlar med produkt ulovleg produsert av barn. Kundane er kanskej mest optekebn av å ikje bruka cellofan som innpakning, men det største miljøavtrykket er det frakt og behandling av plantene som står for.

Sjølvbetening

- Me er i sterk konkurranse med daglegvarebransjen, men har eit godt samarbeid med senteret og Rema 1000 her. I nær framtid vil me satsa på sjølvbetening slik at våre opningstider blir det same som på Rema. Me er spent på korleis den mottakinga blir, seier ei påsketravel Hildegunn Mæland Solheim.

Til toppen