- Me ynskjer innspel til Habiliteringstenesta

Bømlo kommune har ein 10-års plan som beskriv endringsbehov i helse og omsorgstenestene. Det blir også laga årlege handlingsplanar. Me ynskjer dine innspel i arbeidet som gjeld vaksne personar med utviklingshemming/-forstyrringar. 

Tiltak 26 i Handlingsplan 2023-2024 omhandlar tenester til vaksne personar med utviklingshemming/-forstyrringar. Desse personane får tenester av Habiliteringstenesta. I dette arbeidet vurderer me behov for endringar slik at me skal kunne gje gode tenester også i framtida. Ei framtid med mindre tilgang på arbeidskraft og strammare økonomiske rammer. 

Lær meir om Mandat 26 - Innspelsdokument - Tenester til menneske med utviklingshemming/-forstyrringar (PDF, 452 kB)

Fire ulike områder

Ei breitt samansett arbeidsgruppe har vurdert ulike tema, og me treng no dine innspel til arbeidet. Arbeidet skal resultera i ein rapport som skal ferdigstillast i mai.  Arbeidsgruppa har valt ut fire ulike områder der me har behov for innspel. Du kan sjølv velje om du vil gje innspel på eit eller fleire av desse områda. Du kan også gje innspel på områder som ikkje er omtalt i dette dokumentet. Alle innspel er viktige.  Takk for ditt bidrag!

Gje ditt inspel

Innspelsfrist: 22. april

Les meir i artikkelen: Må endra for å oppretthalda gode tenester 

Spørsmål - ta kontakt med

Jorunn J. Folgerø-Holm
Tlf.  489 99 937
Send e-post

Frode Bratten 
Tlf. 900 12 842
Send e-post

Til toppen