Nytt legesenter blir Øyane helsehamn

Øyane helsehamn blir namnet på det nye legesenteret på Svortland. Senteret som skal stå klart i løpet av desember i år kjem vegg i vegg med Bremnes tannklinikk på taket av HSD-senteret. 

byggearbeid oppå ttak og traffikert kryss - Klikk for stort bileteØyane helsehamn under bygging på HSD-senteret. Simon Knutsson Sortland

Bømlo kommune har teikna leigekontrakt med Hellvik Eigedom AS for leige av det nye legesenteret på Svortland. Det nye legesenteret får 10 legekontor med plass til dei fem legane som i dag held til på Kystlegane samt fem nye legekontor. Det ligg inne opsjon på to ekstra legekontor. I anbodskrava står det at nye legesenteret skal sørgje for ei tidsmessig og framtidsretta løysing, fremja rekruttering, bidra til auka kvalitet og rimelege driftskostnadar. 

Legesenteret skal vere universelt utforma og fremja miljøvenlege løysingar med rom og funksjonar etter kravspesifikasjonar utarbeidd av ei prosjektgruppe i samarbeid med arkitekt. Gruppa var samansett av personell med medisinskfagleg kompetanse, hjelpepersonell og representantar frå leiinga. 

Namnekonkurranse

Arbeidsgruppa som har utarbeidd planar for det nye legesenteret var også jury for namnekonkurransen som vart lyst ut internt blant alle tilsette i kommunen. Det kom inn 42  gode og kreative innspel til namneforslag. Sandra Thorsheim og Ann-Kristin Øieroset drog det lengste strået til slutt i høve å gje innspel og inspirasjon til det nye namnet – Øyane helsehamn. 

Juryen la vekt vekt på at vinnarnamnet gjev assosiasjonar til den vakre maritime skjergarden på Bømlo med 1000 øyar. For å ikkje bli forveksla med eit kontor i ein nabokommune vel dei å bruka fleirtalsform.  Å få inkludert alle faggruppene i det nye kontorfellesskapet var viktig, så difor valde juryen å gå vekk frå det tradisjonelle ”legekontor”. 

- Helsehamn gjev assosiasjonar både til det å «kome i hamn» med noko (å få svar på sine helseutfordringar) og det å kome til ein trygg/lun stad. Ordet hamn vert i ordboka forklart med stad der fartøy kan losse og laste eller søkje livd for vind og sjøgang. I overført tyding: ein trygg tilhaldsstad. Øy og hamn er to ord som passar til bømlingen, og det er god «flyt» i namnet, uttalar juryen.


 

Til toppen