Størst folkevekst i Sunnhordland

Bømlo kommune hadde ved utgangen av 2023 eit folketal på 12 268, og dette er den største auken i folketalet på fleire år. - Veksten på 136 innbyggjarar, eller 1,1 prosent, er størst blant sunnhordlandskommunane, konstaterar ein glad Bømlo-ordførar.

mann presenmterer på storskjerm føre publikum i sal - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland fortel om folkeveksten til nye innbyggjarar i Bømlo. Simon Knutsson Sortland

Det er framleis god vekst i folketalet i Bømlo, noko som heng saman med mellom anna flyktningstraumen til kommunen. Veksten i 2023 er på 136 innbyggjarar eller 1,12 prosent. Me starta 2023 med 12 132 innbyggjarar og enda til slutt på på 12 268. Ved utgangen av 3. kvartal 2023 var det 12 299 innbyggjarar i Bømlo, men ved utgangen av året enda altså folketalet på 12 268. Bømlo kommune har vedteke å busetja 60 flyktningar i 2024.

Nøgd ordførar

- Det er svært gledeleg at me har den største prosentvise veksten i regionen som viser at Bømlo kan tiltrekka seg nye innbyggjarar. Dette blir svært viktig framover, då det blir meir kamp om arbeidskraft og kompetanse. Bømlo har mange gode kvalitetar som me må utvikla vidare. Her er eit bredt næringsliv og arbeidsmarknad, her er relativt billig å få seg bustad og naturen er unik, seier ordførar Morten Helland.

Men me må utvikla oss vidare, held han fram, mellom anna å sikra ulike buformer for unge og eldre, styrka «sentrumskvalitetar» og utvikla destinasjonen Bømlo. - Eg trur også at mange opplever tenestene i Bømlo kommune som gode og trygge. Dette vert ofte sagt når eg møter nytilflytta bømlingar. Kommunen ønskjer å vera open og positiv for innbyggjarane. Dette er kanskje ekstra viktig i ei tid der økonomi, demografiendring og nye samfunnsstrukturar krev omstilling. Me må endra for å bevara, seier ordførar Helland.

Tabellane under syner fordelinga på aldersgruppene. Det er her verdt å merka seg at nedgangen i perioden 2011-2024 er størst i aldersgruppa 6-15 år frå 2022 til 2024. Talet på dei som er 67-79 år er nesten dobla frå 2011 til 2024. Delen av innbyggjarar som er i yrkesaktiv alder synker samstundes. - Dette viser at me er ved eit skifte der det er nødvendig å etter kvart forskyve tenestetilbodet, påpeikar ordførar Morten Helland.

Meir kommunefakta om Bømlo finn du hos Statistisk Sentralbyrå 

tabellar om folketalsutvikling i Sunhordland 2023 - Klikk for stort bileteTabellar syner folketalsutvikling i Sunnhordland 2023.


 

Til toppen