Personvernerklæring elektroniske skjema

Denne erklæringa gjer greie for korleis omsynet til personvern vert handtert av Bømlo kommune i samband med innsending av personopplysningar ved bruk av elektroniske skjema. Ved bruk av våre elektroniske løysingar, ønskjer me at du skal kjenna deg trygg på at gjeldande lover og føresegner vert følgt. Sikker handsaming av data vil til ei kvar tid vera dokumentert etter gjeldande lovverk.

Føremålet med handsaminga av personopplysningar

Opplysningar du gjev i skjemaet vert sendt til Bømlo kommune. Opplysningane gjer kommunen i stand til å handsama førespurnaden din. Opplysningane du gjev vert handsama på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personopplysninger

Denne personvernerklæringa følgjer regelverket i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 15.6.2018 med tilhøyrande føresegner 

Kommunedirektøren i Bømlo kommune er etter lova behandlingsansvarleg i Bømlo kommune.

Det daglege ansvaret for pliktene til den behandlingsansvarlege er lagt til kommunen sine verksemdsleiarar.

Personopplysningar

Dersom du vurderar at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykkjer du til lagring av dei innsamla data om deg.

Samtykket godkjenner våre retningsliner for personvern og gjeld som samtykke for korleis me handsamar opplysningane.

Lagring av opplysningar

Opplysningane du har tasta inn vil ikkje vera tilgjengeleg for mottakar, Bømlo kommune, før du sender inn søknaden.

Ved å velja "send", har du samstundes samtykt i at Bømlo kommune kan få og lagra desse opplysningane.

Nøkkelopplysningar frå tidlegare innsende søknader vert automatisk henta opp når du startar ein ny søknadsprosess.

Sikker dataoverføring

All overføring av opplysningar mellom din datamaskin og vår server går føre seg via sikra datakommunikasjon.

Løysinga tilsvarar tryggleiken som vert nytta av nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du har rett til å sjå opplysningane du har sendt inn.

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevja å få opplysningane endra eller sletta.

Kva om du ikkje samtykkjer?

Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok, vil du ikkje kunna nytte elektronisk skjermdialog.

I staden ber me deg nytta utskriftsvennleg versjon av skjema.

Kontakt Bømlo kommune.

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år.

Vidareformidling

Me skal ikkje selja, byta eller på anna vis vidareformidla informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette eller kommunen med heimel i lov er pålagt å gje vidare informasjonen.

Kontakt

Kjetil Odin Johnsen er personvernombod for Bømlo kommune.

Du kan ta kontakt med personvernombodet dersom du har spørsmål om kommunen si lagring av personopplysningar eller personvern.

Send e-post

Telefon: 952 16 433

Til toppen