Ordførar og varaordførar

Ordførar og varaordførar for Bømlo kommune i perioden 2023-2027 vart valt av kommunestyret 16. oktober 2023. 

mann med ordførarkjede - Klikk for stort bileteMorten Helland - ordførar. Simon Knutsson Sortland

Ordførar, Morten Helland (KrF)

Telefon: 930 27 497

Send e-post

Morten Helland er ordførar i Bømlo kommune og representerer Kristeleg folkeparti. Han er kommunen sin fremste folkevalde representant og ansikt utad. Ordføraren leiar formannskapet og kommunestyret sine møter og er kommunen sin rettslege representant. To gongar i året inviterer ordføraren til “Ordførarkaffi” der alle nyregistrerte i Folkeregisteret i Bømlo får invitasjon.

 

offisielt portrettfoto Ragnfrid Sønstabø - Klikk for stort bileteRagnfrid Sønstabø - varaordførar. Peter Tubaas

 Varaordførar, Ragnfrid Sønstabø (H)

Telefon: 991 00 645

Send e-post

Ragnfrid Sønstabø frå Høgre er varaordførar i Bømlo kommune. Varaordføraren si oppgåve er å bistå ordføraren. Dersom ordføraren mellombels trer ut av sitt verv, rykker varaordføraren opp som ordførar. Varaordførarvervet inkluderar ein tilleggsfunksjon for å ivareta næringsarbeid. 

Til toppen