Slik sender du inn eit innbyggjarforslag:
- Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. I løpet av same valperiode kan ikkje det same forslaget bli behandla meir enn éin gong.
- Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget. Underskriftene må innehalda fullt namn og adresse. Adressene må stadfesta at alle som har signert bur i Bømlo kommune. Manglar adressene kan forslaget bli avvist.
- Du kan bruka nettportalen minsak.no til å føreslå saker og samle underskrifter.
- Når du har fått nok underskrifter sender du underskriftslistene saman med forslaget til Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.
Innbyggjarinitiativet - misak.no
Skriv eit brev eller ein e-post
Om du eller ei gruppe/foreining du representerer har synspunkt på ei sak som skal behandlast av eit politisk utval kan du sende brev eller e-post. Me vil sørgje for å sende meldinga til rett politisk utval.
Postadresse
Bømlo kommune v/Fellessekretariatet
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes