Borgarleg vigsel

Ynskjer de å gifte dykk på rådhuset? Bømlo kommune har tilbod om vigsel til eigne innbyggjarar og personar som ikkje er busette i Noreg.

Før de kan gifte dykk

Før de giftar dykk må skatteetaten/folkeregisteret sjekke om de oppfyll vilkåra for å inngå ekteskap. De må sende inn ein del papir. Behandlingstida hos skatteetaten er to til tre veker så vær ute i god tid. Er begge norske?  Då kan de bruke den digitale innloggingstenesta for prøving av ekteskapsvilkår via skatteetaten. Her kan du søke om prøvingsattest- erklæring frå brudefolket

Om alt er i orden, skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest. Den viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til Bømlo kommune. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader. 

Bestille tid for vigsel

Bestill borgarleg vigsel

Pris

Vigslar er gratis for alle, sjølv om brudepar er busett i andre kommunar.

Korleis blir seremonien?

  • Kommunen kjøper inn naudsynt utstyr og dekorasjonar til bruk.
  • I seremonien les vigslaren opp Det borgarlege vigslingsformularet
  • Seremonien kan tilpassast med til dømes dikt og musikk.
  • Det skal vera to vitner til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vera to andre myndige personar. 

Kven er det som vigslar?

  • Ordførar - Morten Helland
  • Varaordførar - Ragnfrid Sønstabø
  • Kommunedirektør - Kjetil Aga Gjøsæter

Vigselsattest

Kommunen sender vigselmelding til folkeregisteret innan tre dagar etter vigsel. De vil motta ein kopi som midlertidig vigselattest. Den endelege attesten vil de motta i posten frå folkeregisteret. 

Lover og reglar

Til toppen