Helsestasjon 0-5 år

Alle barn og deira føresatte som bur i Bømlo kommune får tilbod om oppfølging fra helsestasjonen. Har du nettopp flytta til kommunen vil me gjerne at du tar kontakt med oss. Alle tilsette ved helsestasjonen har teieplikt, og tenesta er gratis.

Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk helse, fysisk helse og sosiale forhold. Det helsefremjande og førebyggande arbeidet omfattar helseopplysning, vegleiing, helseundersøking og vaksinasjon.

Telefontider i sommer ferien: Fra og med 03/07-23 (veke 27) til og med 18/08-23 (veke 33) blir helsestasjonen open kvardagar kl. 09:00 - 13.00.

Helsestasjonar i Bømlo Kommune


Kva kan helsestasjonen hjelpe deg med?


Helsesjukepleiar
Me tilbyr alle foreldre og barn jamleg kontakt med våre helsesjukepleiarar.

Lege
Barnet vil  få tilbod om legeundersøking på helsestasjonen ved alder 6 veker, 6 månader, 12 månader og 2 år.

Fysioterapeut
Konsultasjon med fysioterapeut kan avtalast via din helsesjukepleiar på helsestasjonen. Alle familiar får tilbod om eit gruppetilbod med fysioterapeut når barnet er rundt 4 månader.

Tannpleiar
Alle familiar får tilbod om eit gruppetilbod med tannpleiar når barnet er rundt 10 månader.

Barselgrupper
Helsestasjonen har eit frivillig tilbod om barselgrupper. Dei som ønsker å vera med i barselgruppe møter andre med termin same månad ein gong før fødsel, og to gonger etter fødselen. Dersom du går til jordmor på helsestasjonen vil du få ein skriftleg invitasjon i posten med treffpunkt for di gruppe. På barselgruppetreffa vil du møte familierettleiar, helsesjukepleiar og jordmor. Målet med barselgruppene er at du og din partner skal bli kjent med andre foreldre, samt at det er ein fin arena for å dele erfaringar rundt det å bli foreldre.

Søvngrupper
Me tilbyr søvngrupper til familiar som ønskjer råd og rettleiing rundt utfordringar knytt til søvn. Søvnkurset går over ei veke med to treffpunkt. Gruppa består av 2-3 familiar og rettleiinga gis av familierettleiar og helsesjukepleiar. For meir informasjon og bestilling av time ta kontakt på e-mail miriam.johannessen@bomlo.kommune.no

Foreldrepakken til Stine Sofie Stiftelsen 
Me nyttar foreldrepakken til Stine Sofie Stiftelsen med 10 smarte tips til alle småbarnsforeldre i samtalane på helsestasjonen. Last gjerne ned appen «10 smarte tips». 

Foreldrerettleiing
Å vere foreldre betyr små og store utfordringar. Ønskjer du hjelp og vegleiing kan du ta kontakt med oss på helsestasjonen. Me tilbyr ulike typar foreldrerettleiing.

Barnevaksinasjonsprogrammet
Anbefalt barnevaksinasjonsprogram for norske barn er fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet. Alle barn skal tilbys vaksinasjon etter programmet, men all vaksinasjon er frivillig. Tilbodet i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis opp til 20 år. Ungdom som tidlegare har takka nei, eller ikkje har motteke tilbod om vaksinar i programmet, kan ta kontakt med skulehelsetenesta for å avtala vaksinasjon.

Gravide i svangerskapsveke 24 er frå mai 2024 tilrådt vaksine mot kikhoste. Dette er for å beskytte det ufødde barnet fram til barnet kan få eigne vaksiner. Vaksina er ein del av barnevaksinasjonsprogramet. Vaksina vert tilbydd der du har din ordinære svangerskapskontroll – anten hos lege eller hos jordmor. Vaksina kan trygt gjevast til den gravide heilt fram til fødsel, men ved å gje i svangerskapsveke 24 vernar me dei borna som også vert for tidleg fødde. Vaksina er tilrådt sjølv om du i seinare år har tatt oppfriskingsdose.

Har du spørsmål om vaksina kan du lese meir her:
Beskytt barnet ditt mot kikhoste - FHI
Innføring av tilbud om gratis kikhostevaksine til gravide - FHI 
Kikhoste - Helsenorge

Oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet
 

Helsestasjonen på Bremnes 
Telefon: 53 42 33 37 
Telefontider: 08.30 - 11.30 og 12.30 - 14.30 man-fre
Telefontider i sommarferien: Veke 27 - veke 33, kvardagar kl. 09.00 - 13.00 
Besøksadresse: Kyrkjegardsvegen 20 
5430 Bremnes

Til toppen