SFO - Skulefritidsordninga i Bømlo

Ny nasjonal ordning med 12 timars gratis kjernetid i SFO òg for 3. klassingar frå hausten 2024.

 

www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-rekord-i-antall-barn-i-sfo/id3018996/

 

Kjernetida for 1.-3. trinn er gratis, i tillegg kan ein kjøpa morgontid på SFO, ettermiddagstid eller begge deler.  Alle skulane har lik start og sluttid for sfo tilbod og skuledag, frå 07:00 til 16:00.  Det er nyanseforskjellar i kva tid skuledagen startar og sluttar, men totaltilbodet er det same og prisane vert difor like for alle skulane. 

 

Etter innlogging i Vigilo vel føresette det alternativet ein ynskjer for sitt barn. På 1.-3. trinn vel ein eit tilbod (ev felles-sfo kan koma i tillegg).

 

Dette er alternativa:

Alternativ 1: Gratis kjernetid (kr 0) 

Alternativ 2: Gratis kjernetid + morgontid  (kr 1150) 

Alternativ 3: Morgontid  (kr 1150) 

Alternativ 4: Gratis kjernetid + ettermiddagstid  (kr 406)

Alternativ 5: Gratis kjernetid + morgontid + ettermiddagstid (kr 1480)

 

Prisane for 2024/25 som gjeld for 4. trinns elevar på SFO, finn ein her:

Pris SFO 4. trinn 2024/2025

 

Innlogga i Vigilo finn ein alternativa ein kan velja for barn på 4. trinn.

.

Søknadsportalen for skuleåret 2024/2025 er open frå 11. april.  Søknadsfrist for 2024 er 1. mai.

Det er berre barn som ikkje allereie har SFO plass det treng søkjast for. Men kva SFO alterantiv ein ynskjer for sitt barn er det fint om føresette òg gjer innan 1.mai.

Søk SFO plass her

Bømlo kommune brukar Vigilo som søknadsportal 

Her finn du brukarveiledning for korleis du skal registrere søknad

Her finn de spørsmål og svar om pålogging

Informasjon om SFO: 

Skulefritidsordninga er eit tilbod for elevar i 1.-4. klasse. 

Barn med særskilde behov har rett til SFO tilbod frå 5.- 7. klasse. Dette tilbodet er gratis.

SFO er: inne og uteleik, kulturaktivitetar og sosial læring i eit fellesskap.

Rammeplan for SFO  

  • Det er SFO tilbod på skulane: Svortland, Meling, Moster, Rubbestadneset, Gilje, Våge, Foldrøy og Hillestveit.
  • Det ordinære SFO tilbodet på skulane fylgjer skuleruta.
  • I feriar er kommunen sitt felles SFO tilbod på Svortland skule. Minstetal for igongsetjing av tilbod er 5 barn pr. dag.
  • SFO er stengt i juli, då er det heller ikkje felles SFO tilbod på Svortland skule.
  • Søskenmoderasjon på barn nr. to m/fl. på 25 %. Gjeld ordinær plass og dagar i felleskommunalt  SFO tilbod.
  • Oppseiingsfrist er 1 månad, rekna frå den første i kvar månad.
  • Det er halv sats for juni og august.

Regjeringa sin SFO omtale

Søkja redusert foreldrebetaling for SFO?

Dette gjeld no for barn på 1. -  4. trinn, når familien oppfyller søknadskriteria.

Søknadsskjema i vigilo finn du her

Du søkjer redusert foreldrebetaling etter å ha logga deg inn i Vigilo (det er same stad som du søkjer SFO-plass)

Prisar SFO: Tabell gjeld skuleåret 2023-2024

Du kan søkja heile året viss det er ledige plassar. Ta kontakt med skulen.

SFO- skulefritidsordninga
Tilbod Pris Kommentar
Berre morgonplass 1100 per månad
Inntil 10 timar kvar veke 1535 per månad
Inntil 16 timar kvar veke 2500 per månad
100% plass 3020 per månad
Tillegg for ferie- og fridagar 310 per dag
Timepris 70

Lenkjer

Udir.no: Moderasjonsordninger i skolefritidsordningen (SFO)

Rammeplan og vedtekter for skulefritidsordninga i Bømlo kommune (PDF, 538 kB)

Opplæringslova

Til toppen