Fritidskortet

I 2024 får alle som fyller 11 til 15 år i 2024 dekka inntil 2000,- kroner i året til medlemskontingentar/deltakaravgifter til faste, organiserte aktivitetar. 

Aktivitetsoversikt og bruk av fritidskortet

  • Du finn faste, organiserte aktivitetar og arrangement for barn og unge i Bømlo på www.aktivitetforalle.no
  • For å bruka fritidskortet går du inn på Aktiv fritid sine sider. Her kan du  bruke fritidskortet til å betala ei rekning du har fått for ein medlemskontingent eller deltakaravgift eller få refundert slike betalingar. 

Merk at det tar om lag ei veke frå du har betalt fakturaen til betalinga blir registrert i fakturaportalar osv. 

Me vil gjerne at lag og organisasjonar registrerer seg og sine aktivitetar, slik at dei blir synlege i portalen.

Saknar du ein aktivitet du deltek på, er det ein aktivitet du kunne ønske var i Bømlo eller har du spørsmål? Send oss gjerne epost på aktivitetforalle@bomlo.kommune.no.

Presentasjon med informasjon og brukarrettleiing om Fritidskortet (PPTX, 2 MB)

Kva er fritidskortet?

Hausten 2021 og våren 2022 var Bømlo, Fitjar og Stord pilotar for fritidskortet. Fritidskortet er eit prosjekt for å inkludere fleire barn og unge i faste, organiserte fritidsaktivitetar.  Frå hausten 2022 fortsette ordninga med lokal finansiering i Bømlo, for alle mellom 11 og 15 år. 

Bruk av fritidskortet

Lag, organisasjonar og aktivitetar og Fritidskortet

Studentoppgåve om fritidskortet og tilrettelegging for barn og unge i Bømlo kommune

Hausten 2021 har ei studentgruppe med vernepleie og sosial arbeid-studentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) intervjua lag, organisasjonar og deltakarar om deira erfaringar med fritidskortet og tilrettelegging for barn og unge. Funna vil liggja til grunn for vidare arbeid med innføring av fritidskortet og tilrettelegging av fritidskortet. 

Rapport om fritidskortet og tilrettelegging barn og unge i Bømlo kommune (PDF, 195 kB)

Til toppen