Postar lokalsentruma 2021

Frå 1. september til 15. oktober kan alle svara på spørsmål i dei fem lokalsentruma i Bømlo kommune. Alle postane er universelt tilgjengelege og store som små kan svara. 17. oktober trekk me fine premiar mellom alle som har delteke.

Grendautvala i lokalsentruma, Bømlo pensjonistforeining og Bømlo kommune samarbeider hausten 2021 om universelt tilgjengelege postar, med fine premier som næringslivet vårt har bidrege med! 

For å svara på spørsmåla går du til startpunktet i lokalsenteret. Der finn du ein post med ein QR-kode/nettadresse. Om du ikkje får svart på nett, kan du sende svara på SMS til telefonnummeret som er oppgitt på posten.

Finnås: Ved den gamle telegrafstasjonen, Joker Finnås og gjestehamna 
Langevåg: I den nye lysløypa (Stenersenvegen 3, 5443 Bømlo)
Moster: Ved Moster Amfi, ved skulen og ved Moster Bil.
Rubbestadneset: Ved Kiwi, ved yrkesskulen, ved gapahuken ved skulen og ved båthamna.
Svortland: Langs turstigen ved Storavatnet med startpunkt på nedsida av Bømlo kulturhus - på benkane nedom kulturhuset til treklynge på nedsida av kyrkja (Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes) 

Om du ikkje finn ein post eller har utfordringar med å svara kan du sende SMS eller ringja 95934462. 

Me trekk fine premiar mellom alle som har sendt inn svar og registrert seg med namn og telefonnummer. 

Her er døme på premiar: Østensen: Gåvekort 500,- Stoffbua: gåvepakke, Monter: Multiverktøy, Joker Finnås, gavekort 600,- Aasen Shipping AS, Landmark Maskin AS, Olsahuset Kafé, Moster Bil, Kiwi Moster, Tante Floke: toalettmappe med Moroccanoil produkt Bremnes auto: dartspel og crocketspel Gullsmio: gåvekort 600,- HiSio: valgfri iskrem til ein familie (4-5 pers) og Marinaden: gåvekort 600,-

Vinnarane blir gjort kjend på kommunen sine sider 17. oktober og vinnarane får ein SMS om at dei har vunne. Premiane må hentast i butikken som har gitt dei. 

Til toppen