Aktuelt og kunngjeringar

Ombygging av Moster Amfi

- Anlegget frå 1995 trengte ei oppgradering, og det nye bygget på om lag 300 kvadratmeter representerer eit betydeleg løft for både området og arbeidsforholda til dei fem tilsette, fortel dagleg leiar Nina Meldahl Olsen ved Moster amfi og Kyrkjehistoriske senter AS. 

Alle ser til Bømlo

Mange gler seg til den store jubileumsfesten Moster 2024 som går frå 28. mai til 2. juni med eit storslagent kulturprogram og besøk av kronprins Haakon og Statsministeren. Med store artistnamn og geistlige frå både inn og utland vert det eit stort mediefokus på Moster og Bømlo i jubileumsdagane. Men kva ligg bak av førebuingar, og kva står att etter festrusen har lagt seg?

Den store folkefesten

- 1000-årsjubileet prioriterer born og unge og har ei viktig kopling mot folkehelse. Difor er både Bømlo ungdomsråd og skulane viktige samarbeidspartar. Særleg gjeld dette å legge til rette for verdisamtalar i notid med eit historisk bakteppe, fortel dagleg leiar Elsa Aanensen i Moster 2024 AS.

Politiet åtvarar mot oppsøkjande handverkarar

Like sikkert som våren kjem, blir bustadeigarar oppsøkte av useriøse håndtverkere som tilbyr tenester på døra eller via tilbod som blir lagt i postkassa. 

Formannskapet fekk orienteringar om helse og kultur

Formannskapet fekk i føremiddag orienteringar om digitalisering, endringsbehova i helse og omsorgssektoren og arbeidet med kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit. 

Stenger venterommet ved bussterminalen

Venterommet ved Esso Bremnes og bussentralen Svortland vert no permanent stengt.

Søk om Trygve Hoff sin minnepris

Ein person eller gruppe personar som driv kulturarbeid i Trygve Hoff si ånd kan innan 31. mai søkja om 50.000 kroner. Trygve Hoff sin minnepris gis ikkje til einskildprosjekt.

Hiskabrua nattestengt i veke 21

Hiskabrua vert stengd nattestid frå kl. 22.00 til kl. 06.00 neste veke med oppstart tysdag 21. mai grunna overflatebehandling av toppdekket.  

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket 2024

Kommunen har fått overført mynde til å løyva tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL.  Søknad på Altinn innan 1. juni 2024.

- Må styrka dagtilbod og heimetenestene

- Denne saka har ikkje oppstått akutt, men er blitt jobba godt med sidan me i fjor vår vedtok Handlingsplan for Helse, sosial og omsorg 2023-2024. Det sa leiar Jørgen Søvold (H) i hovudutval for levekår før fleirtalet på 7 mot 2 røysta for kommunedirektøren sitt framlegg i saka om sjukeheimstilbod og heimetenester. 

Til toppen