Plakat om kikhosetvaksine for gravide.
FHI
Dersom ei gravid kvinne vaksinerar seg mot kikhoste, vil vernet gå over til fosteret, og barnet vil vera beskytta mot alvorleg sjukdom fram til det sjølv får første vaksinedose mot kikhoste når det er tre månadar gamalt. Kikhostevaksine har blitt tilbudt til gravide i fleire deler av verda i mange år allereie. Sikkerheita er nøye studert, og vaksina er vurdert trygg å gje for både barn og mor.
Ventar på lovendring
Vaksina er tilrådd å bli gitt i svangerskapsveke 24. Den kan likevel bli gitt heilt fram til fødsel og gje godt vern. Grunnen for at me gir den i veke 24 er for å verna dei borna som vert fødd prematurt og som har ekstra stor risiko for alvorleg forlaup.
- Me ventar på lovendringa frå regjeringa for å starta opp med vaksinering. Dette forventast å vera på plass i mai. Då vil vaksina bli gratis for gravide. Me har allereie førebudd oss med å følga undervisningar, laga prosedyrar og tinga inn vaksinar, opplyser kommuneoverlege Annne Marit Særsten Halvorsen.
Kvinner som har passert veke 24 i svangerskapet vil når tilbodet startar bli tilbodet vaksina under ordinær svangerskapsoppfølging. Sjølve vaksina vil vere gratis, men det kan vere at ein må betale for medgått materiell.
Kvinner som ynskjer vaksine før lovendring kjem i orden kan be om dette hos fastlege, men ein må då betala for vaksina sjølv.
Påfyllingsdose
Påfyllingsdosar gitt dei siste åra vil ikkje klara å gje vern til barnet, og det er tilrådt ny vaksine sjølv om du har fått påfyll nyleg.
Vaksina som blir gitt til gravide inneheld kun vern mot kikhoste, difteri og stivkrampe, og ikkje mot polio også slik dei fleste påfyllingsvaksinar tradisjonelt gjer. Oversikt over dine vaksiner kan du finna ved å logge deg inn på helsenorge.no.
Du kan lese meir om kikhostevaksine av gravide:
Beskytt barnet ditt mot kikhoste - FHI
Innføring av tilbud om gratis kikhostevaksine til gravide - FHI
Kikhoste - Helsenorge
Fakta
Kva: Vaksine mot kikhoste – Vaksine til mor vernar det ufødde barnet
Kva tid: Svangerskapsveke 24 (eller seinare om du er komen lenger i svangerskapet)
Kvar: Der du har svangerskapskontroll (anten hos jordmor eller lege)
Pris: Gratis når vedteke i Stortinget i mai. Eventuelt ein mindre materialkostnad dersom ein bruker vesentleg utstyr.