Onsdag 22. oktober 2025
kl. 18:00 - 20:00
Sesam - Bøtun 3
Rustenesta i Bømlo Kommune ynskjer å invitere til treff for deg som er pårørande eller nærståande til nokon med rusavhengighet onsdag 22.10 kl. 18-20 på Bøtun 3.
Føremålet med treffet er å kunna møta andre som er eller har vore i liknande situasjonar, og å skape ein møteplass for å gje kvarandre støtte og håp.Ein avgjer sjølv kor mykje ein vil dela. Alle i gruppa har gjensidig teieplikt.
Dersom spørsmål ta gjerne kontakt med rusvernskonsulent Frida Halvorsen tlf 915 76 569 .
Vel møtt!