• Hending

Balanse i kvardagen – gratis kurs

Dato

Onsdag 14. januar 2026 - onsdag 18. februar 2026

Tidspunkt

kl. 13:00 - 15:00

Stad

Bøtun 3 - psykisk helse og rus

Kjenner du at kvardagen kan vera meir krevjande enn du gir uttrykk for – sjølv om du eigentleg fungerer godt? Dette kurset er for deg som kanskje tenkjer at du er «for frisk» til å søkje hjelp, men som ønskjer betre balanse i kvardagen. Oppstart er 14. januar.

illustrasjonsplakat for kurs om balanse

Kurset Balanse i kvardagen startar 14. januar.

Balanse i kvardagen gir ei enkel og praktisk innføring i kognitiv terapi, med fokus på verktøy som kan hjelpa deg å handtera tankar og kjensler på ein betre måte – før utfordringar veks seg for store.

Dette får du:
– Ei innføring i kognitiv terapi
– Verktøy for å handtera tankar og kjensler
– Moglegheit til å utforske utfordringar på eit tidleg stadium
– Hjelp til å finna balanse mellom krav, forventningar og eigne ressursar

Praktisk informasjon:
Oppstart: 14. januar
Tid: kl. 13.00–15.00
4 samlingar: 14.01, 28.01, 04.02 og 18.02
Undervisningsbasert kurs – ingen deling av eigne erfaringar
Gratis

Påmelding:
Send e-post til marie.rosvik.haldorsen@bomlo.kommune.no

eller meld deg på via QR-koden på plakaten.

Arrangør: Bømlo kommune

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bømlo Kommune

Om staden

Namn

Bøtun 3 - psykisk helse og rus

Om arrangementet

Pris vaksen
Gratis