Ordet fangar – meir enn ein kampanje
Ordet fangar er utvikla som eit arbeid som involverer born, unge og vaksne, og har resultert i ti køyrereglar for språkbruk – eit uttrykk for korleis me vil ha det på Bømlo, med respekt og forståing for kvarandre. Bakgrunnen er mellom anna funn frå Ungdata og andre elevundersøkingar, og prosjektet skal inn i kommunalt planverk. Arbeidet er lagt opp som «digitalt og levande», med filmar og nettressursar som verktøy for å driva prosessen vidare.
Ungdomane har vore sentrale i arbeidet og har oppmoda vaksne om å ikkje «la det gli forbi» når dei høyrer sårande språk eller ser urett. Prosjekta Ordet fangar og me høyre te inngår i kommunen sitt breiare arbeid for å redusera hatprat, rasisme, mobbing og utanforskap, og styrkja eit inkluderande og mangfaldig lokalsamfunn.
På kveldssamling 9. februar i kulturhuset får du ei innføring i prosjektet, filmar med refleksjonsopplegg, og faginnlegg om korleis skjermbruk kan påverka sjølvbilete og kvardagsliv. Ordførar og ungdomsrådet helsar velkomen, og kommunalsjef Torunn Laurhammer avsluttar programmet. Det blir enkel servering.
Målgruppe: tilsette i barnehagar og frivillige lag og organisasjonar i Bømlo kommune
Program
- Helsing frå ordførar Morten Helland
- Helsing frå Bømlo ungdomsråd Introduksjon til prosjektet ORDET FANGAR
- Filmar laga til prosjektet – med refleksjonar/oppgåver
- Faginnlegg: «Skjermtid og sjølvbilete – korleis nettet formar oss» v/ kommunepsykolog Øivind Johnsen og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen
- Avslutning ved kommunalsjef Torunn Laurhammer
- Enkel servering
- Konferansier: Linda Hellen