Fjellsikring påverkar kollektivtrafikken på Røyksundvegen
Det pågår fjellsikring på KV1130 Røyksundvegen i Bømlo. Vegen vert stengt måndag 10. november i tidsrommet 07.00-19.00. Det er redusert framkome på den smale vegen. Dette påverkar kollektivtrafikken, då rutebussar ikkje kan passera.
Det vert utført fjellsikringsarbeid ved Røyksundsvegen.
Bømlo kommune
Skulebussen til og frå Moster skule får passera, men elevar på vidaregåande skular som tek rutebuss, vil bli påverka. Det er omkøyringsvegar på fylkesvegen,
Mesta utfører fjellsikringsarbeidet på vegne av Bømlo kommune.