Folkehelseprofil for Bømlo kommune 2021

Fysisk aktivitet er tema for årets folkehelseprofilar Folkehelseinstituttet (FHI) har publisert for kommunar og bydelar. Den slår fast at kommunen kan leggja til rette for meir fysisk aktivitet. FHI understrekar at all statistikk i folkehelseprofilen må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale tilhøve.

Indikatorane som vert presentert i profilen er valgt med omsyn til helsefremjande og førebyggjande arbeid, men er også avgrensa av kva for data som er tilgjengeleg på kommunenivå. Fleire av indikatorane i årets folkehelseprofil er basert på Ungdata-undersøkinga. Nedstengninga av skulane i midten av mars 2020 fikk konsekvensar for gjennomføringa av Ungdata-undersøkinga for 2020.

FHI sin Folkehelseprofil for Bømlo kommune 2021

Nye indikatorar på plass

Dei nye indikatorene som er teken med i denne folkehelseprofilen er:

  • gjennomføring i vidaregåande opplæring
  • vedvarende låg inntekt
  • ikkje i arbeid eller utdanning
  • kan symje 200 meter, 17-åringar
  • trenar sjeldnare enn kvar veke, 17-åringar

Funn frå folkehelseprofilen i Bømlo kommune syner at i delen aldersgruppa 45 år og eldre er det færre som bur åleine enn i landet som heilskap. Delen av befolkninga som bur i husholdningar med vedvarande låg inntekt er også mindre enn i landet som heilskap. Delen som gjennomfører viaregåande opplæring er ikkje betydeleg ulikt frå resten av landet.

Andre funn syner at delen 17-åringar som oppgir at dei trenar sjeldnare enn ein gong i veka skil seg ikkje merkbart ut frå landsnivået. Gledeleg er det at 17-åringar som kan symje 200 meter er høgare enn landsnivået. Det same gjeld for elevar i ungdomsskulen som oppgir at dei er med i ein fritidsorganisasjon.

Kommunen som tilretteleggjar

Berre tre av ti vaksne fyller krava for tilrådd fysisk aktivitet. Blant born er situasjonen betre, men aktiviteten synk raskt med alderen. Fysisk aktivitet er viktig for å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål, deriblant målet om god helse og livskvalitet. Å auka delen fysisk aktive er samstundes sentralt i arbeidet med å redusera for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar.

I folkehelseprofilen vert det nemnt fleire område der kommunen aktivt kan gå inn og leggje til rette for meir fysisk aktivitet. Her vert nemnt tiltak innan nærmiljø og fritid, tilrettelegging for bilfri transport (gang-og sykkelvegar), barnehagar og skular, arbeidsplassar og tilbod for eldre. Det kan vere alt frå utlån av utstyr, tilretteleggjing av grøntområde og trimrom på arbeidsplassar. Tiltak som aukar den fysiske aktiviteten blant eldre kan kombinerast med tiltak for sosial samhandling og gode møteplassar.

I folkehelseprofilen er det til slutt eit Folkehelsebarometer for kommunen. 

- Det er lett å henge seg opp i raude og grøne prikkar, og tenkje at dette dokumentet speglar tilstanden i Bømlo. For å få heile biletet må me vurdere data bak tala og andre data som ikkje er vektlagt i denne presentasjonen. Her er vårt "Oversiktdokument for folkehelse" viktig for å kunne sjå heilskapen, understrekar kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Grunnlagsdata for folkehelseoversikt Bømlo - Statusdokument 2019-2023 (PDF, 4 MB)

Til toppen