Finn ledige stillingar i Bømlo kommune

Som arbeidsgjevar, tenesteleverandør og samfunnsaktør er det viktig at Bømlo kommune lykkast i å rekruttera, utvikla og behalda kvalifiserte medarbeidarar som skal levera gode tenester.

Sjekk våre ledige stillingar om det er noko av interesse for deg.

Søk jobb i Bømlo kommune

Ledige stillingar vert lyst ut via Webcruiter. 

Slik søkjer du stilling hos oss

1. Klikk på stillinga du ønsker å søkja på.
2. Fyll inn e-post adresse. Dersom du alt har ein brukar hos Webcruiter vil du få spørsmål om passord før du kan logge på di side.
3. Dersom du er ny brukar vil du bli bedt om å fylla ut litt informasjon om deg sjølv før du trykker deg vidare.
4. Fyll deretter ut søknadstekst og registrer CV og vedlegg. CV kan du registrera manuelt eller importera inn i systemet.
5. Klikk på Send søknad.

Politiattest

Du må ha politiattest dersom du søkjer stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell og skule (gjeld og barnehage). Attesten skal leggjast fram før du tek til i stillinga. Du søkjer om attest på politiet sine nettsider og attesten må ikkje vera eldre enn tre månader. 

Offentleg søkjarliste

Me gjer merksam på at namn på søkjarar til ulike stillingane kan bli gjort offentleg. Har du bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste tek me kontakt med deg før lista vert offentleg.

Deltidstilsette i Bømlo kommune kan ha førerett til utlyste stillingar

Me jobbar med å få fleire fulltidstilsette. Dei som har deltidsstilling hos oss og ønsker å auka stillinga kan derfor ha førerett til utlyste stillingar.

Til toppen