Ordførarkjedet

Ved høgtidelege høve har ordføraren på seg ordførarkjedet. Kjeda er tung, både symboltung og tung i fysisk forstand. 

– Ordførarkjedet er eit kommunevåpen til å bera rundt halsen, og det er det einaste kriteriet for ei slik kjede, opplyser pensjonert forvaltningssjef Kristian Grutle. Elles finst her ikkje noko norm eller reglar for korleis det skal utformast. Det er nok difor tyngda midt framme alltid er kommunevåpenet. I kjeda vert dette kalla pendanten.

Bømlo si kjede

Ordførarkjeda i Bømlo er ei gåve frå Sparebanken Bremnes og Moster og Bømlo Sparebank. Den aller fyrste ordføraren som fekk kjeda over skuldrene, var Arne Haldorsen. Det skjedde under ei høgtidsam overlevering 12. desember 1980. Kjeda er utforma og smidd av gullsmed Jørgen Otteren i Sandnes. 90 særskilt inviterte gjester var samla på Skogbu i dette høvet.

– Denne kjeda forpliktar og er i høgste grad representativ, sa ordførar Haldorsen, då han tok i mot gåva på vegner av kommunen. Det er eit utruleg vakkert smykke. Gullsmeden har på ein framifrå måte makta å få fram kommunen sitt særpreg gjennom symbola i lekkja. Eit flott stykke arbeid, sa Haldorsen ifølgje Haugesunds Avis.

Ordføraren gav uttrykk for at kjeda symboliserer fellesskapen i kommunen og dei verdiane ein prioriterer å byggja dette lokalsamfunnet på.

Nemnd for symbola

Det vart oppretta ei nemnd som skulle tenkja gjennom, og koma med forslag til symbol som kunne koma fram i kjeda. Det var Malvin Meling, Ola L. Stavland, Trygve Totland og Kristian Grutle som representerte kommunen og bankane. Dei sende forslaga sine til gullsmeden. Otteren valde sjølv kva og korleis alt skulle hengja i hop, og korleis det skulle ta seg ut.

Symmetri

Nåla på ryggen, pendanten framme og det fyrste leddet over pendanten, finst der berre eit av. Resten av kjeda er symmetrisk, altså to av kvart symbol, så langt som til fiskane og aksa. Der heng aksa på venstre sida og fisk-ne på høgre. Kvart anna ledd har ein båt med råsegl. Seglet vekslar mellom å venda seg mot innsida og utsida av kjeda. Frå toppen av skuldrene og mot nåla nedst bak, er det like ledd. Dei vekslar mellom båten med råseglet og runde sølvflater med vevnadsliknade mønster inni.

Ordførarkjedet til Bømlo kommune lagt ut på eit bord. Foto. - Klikk for stort bileteOrdførarkjede i Bømlo kommune Simon K. Sortland Symbola i kjeda

Fyrste leddet over pendanten, det som det berre finst eitt av, er av gamle Moster kyrkje. Kyrkja representerer øybuarane sitt aktive forhold til kristenliv og misjonen. Kyrkja er utforma i gull. Det kan vera mangetydig, kvar og ein kan spinna for seg sjølv. Målretta er det eit symbol på gullet og gruvene i kommunen.

Sidan kvart anna ledd er båten med råseglet vert det berre nemnt denne gongen. Rimelegvis symboliserer båten sjølivet og frakt - ferdselsvegen frå gammalt av, og alle typar båtar i kommunen fram til i dag. Båtane er også dei ledda som bitt alt i hop. Dei representerer altså ein omfattande kommunikasjon.

Neste ledd er to slipte grønsteinar frå Hesperiholmen ved Espevær. Dei er forma som øksehovud og festa på sølvplate. Dei representerer grønsteins brotet og anna steinutvinning rundt i kommunen. Ovanfor der ser me to kvartssteinar som skal representere gullgruvene rundt Lykling. At steinane er slipte som knappar skal representere all industrien på øya.

Kristenlivet og misjonering stod sentralt for folk i kommunen. Dette vert understreka ved enda eit symbol, ein klote med ein kross på. Siste symbola er fiskane og aksa. Fiskane på høgre sida står sjølvsagt for fiske og fangst langs kysten, medan aksa skal minna oss om verdien av jordbruket på øya. Nåla representerer framhald frå gammal tid, og står som bindeledd mellom alle folk, verdiar og all aktivitet i kommunen

Ikkje fullverdig

- Dei ulike ledda symboliserer mykje meir, her er lag på lag med tydingar. Som det kunstverk det er, skal me kanskje også inviterast til å spinna våre eigne røynsler og forståingar inn i dei ulike symbola. All informasjon rundt symbola, og arbeidet rundt ordførarkjeda finst i kommunearkiva, opplyser Grutle.

Prisen på smykket

Det er heilt utenkjeleg å spørja om prisen på ei gåve, men kjeda er forsikra for rundt 200 000 kroner.

- Kjeda er unik og kan aldri erstattast dersom ho vert øydelagt. Det vert uansett ein kopi, slår Kristian Grutle fast.
 

Tekst: Mariann Gerdsdotter Sagvåg, Bømlo-nytt
 

Til toppen