- No lanserer me Innbyggjarappen vår
Innbyggjarappen er vår nye mobilkanal mellom deg og Bømlo kommune. Appen speglar innhaldet frå hovudnettsida vår bomlo.kommune.no, men du kan tilpassa den slik det passar deg best og det du er mest oppteken av. Målet er å gjera informasjon og kontakt med kommunen enklare, og senka terskelen for å ta kontakt.
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter foran inngnagen til Bømlo rådhus.
Simon Knutsson Sortland
– Me prøver heile tida å betre vår kommunikasjon, og for oss er god dialog med innbyggjarane ein føresetnad for å kunna levera gode tenester. Med innbyggjarappen gjer me det enklare å få oversikt, enklare å ta kontakt og enklare å gi tilbakemeldingar til kommunen. Appen gjer at me kan målretta og tilpassa informasjon betre, slik at fleire får det dei faktisk treng når dei treng det, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.