Kommunedirektøren - hovudansvaret for at kommunikasjonen blir drevet profesjonelt og etisk forsvarleg. Ansvar for å fronta kommunen i administrativ samanheng.
Ordføraren - uttalar seg på vegne av Bømlo kommune og er kommunen sin juridiske person, i tillegg til å vera folke-vald. Ordførar er også medlem av kommunen si kriseleiing og er talsperson.
Krisehandtering – ordførar og kommunedirektør har særskilt ansvar for krisekommunikasjon, jf. beredskapsplan-verk. Kommunikasjonsrådgjevar kan, ved behov, bli kalla inn til den kommunale kriseleiinga.
Leiaransvar - kommunikasjonsarbeidet må vere innvevd i den daglege oppgåveløysinga til dei ulike fageiningane. Informasjon er eit leiaransvar, og leiarar har eit særskilt ansvar for å følgje opp kommunen sin kommunikasjons-strategi. Sektor ved kommunalsjef/leiarar og tenesteområda er ansvarleg for innhald, mens kommunikasjonsrådgjevar legg ut, redigerer og gjer større endringar.
Medarbeidaransvar - sjølvstendig ansvar for å halda deg informert om kva som skjer i organisasjonen og i eiga verksemd/avdeling, dela informasjon med andre og å følgja den vedtekne kommunikasjonsstrategien. Alle tilsette kan gje faktaopplysningar frå eiga eining/fagområde.
Kommunikasjonsrådgjevar - fagleg ansvar for kommunen si interne og eksterne kommunikasjonsverksemd.
• Gje kommunikasjonsfaglege råd og praktisk bistand til ordførar, leiarar og medarbeidarar.
• Ansvar for å utarbeida informasjons- og presentasjonsmateriell (grafisk profil), bistå til mediekoordinering, språkarbeid, innhaldsproduksjon, samt drift og utvikling av dei prioriterte kommunikasjonskanalane våre.
• Redaktør- og innhaldsansvar for kommunen sitt intranett, heimeside og sosiale media.
• Vera til stades på og profilera viktige hendingar i kommunen sin regi.
• Leia strategisk kommunikasjonsarbeid, utvikla og oppdatera kommunikasjonsstrategien.