Kommunestyret i Bømlo

27 portrettfoto av kommunestyrerepresentantar i Bømlo 2019-2023  - Klikk for stort bilete   

Kommunestyret er det øvste, styrande organ i kommunen.

Møtekalender og valde representantar til kommunestyret i Bømlo kommune

Ansvarsområde

Kommunestyret handlar på vegne av kommunen i alle saker som ikkje er delegert til andre kommunale organ. Kommunestyret fører tilsyn med kommunen si samla verksemd, vedtek budsjett og økonomiplan, vel medlemmer til formannskap, utval, styrer og råd. 

Møter åtte til ni gongar årleg

Kommunestyret har møte åtte til ni gangar i året. I desember månad er det siste eit budsjettmøte der komande års budsjett og fireårige økonomiplan vert vedteke. Ordføraren kallar inn til og leiar møta. Kommunestyremøta er opne for publikum. Du kan sjå møta direkte eller som opptak via KommuneTV. 

Samansetjing

Bømlo kommune har 27 representantar i kommunestyret. For valperioden 2019-2023 er Sammy Olsen (Sp) ordførar og Ragnfrid Sønstabø (H) er varaordførar.

Sjå møta direkte eller som opptak via KommuneTV

 

Til toppen