Innsynsrett i offentlege dokument

Postlister/offentleg postjournal gir eit oversyn over post sendt til og frå kommunen. Den inneheld ikkje dokument i personalmapper, elevmapper, barnehagebarnmapper og fagsystem.

Alle saksdokument, journalar og liknande register i kommunen er opne for innsyn dersom det ikkje er gjort unntak i lov eller i forskrift. Sjølv om eit dokument kan vere unnateke offentlegheit, skal kommunen likevel vurdera om dokumentet bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).

Alle kan krevje innsyn.

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalgt organ
  • Dokumenter til/frå kommunen sitt kontrollutvalg, klagenemnd eller kommunal revisjon
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig råderett for saka dokument gjeld
Til toppen