Innbyggjarforslag - misak.no

Om du er oppteken av ei politisk sak kan du fremja eit innbyggjarforslag. 

Eit innbyggjarforslag gir Bømlo kommune sine innbyggjarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av. 

 

Slik sender du inn eit innbyggjarforslag:

  • Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. I løpet av same valperiode kan ikkje det same forslaget bli behandla meir enn éin gong. 
  • Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget. Underskriftene må innehalda fullt namn og adresse. Adressene må stadfesta at alle som har signert bur i Bømlo kommune. Manglar adressene kan forslaget bli avvist.
  • Du kan bruka nettportalen minsak.no til å føreslå saker og samle underskrifter. 
  • Når du har fått nok underskrifter sender du underskriftslistene saman med forslaget til Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.
     

Innbyggjarinitiativet - misak.no

 

Skriv eit brev eller ein e-post

Om du eller ei gruppe/foreining du representerer har synspunkt på ei sak som skal behandlast av eit politisk utval kan du sende brev eller e-post. Me vil sørgje for å sende meldinga til rett politisk utval.  


Postadresse

Bømlo kommune v/Fellessekretariatet
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
 

Send oss ein e-post

Til toppen