Finn du feil i kartetDersom du finn feil i kartet som gjeld grenser, bygg eller adresser kan du melda dei til oss.Skjema med krav om retting av feil (PDF, 217 kB) Opplysningar om eigedomsgrenser Opplysningar om eigedomsgrenser kan du kontrollera på Sjå eigedom Du kan sjå kva eigedomsgrenser som er registrert på eigedomen din. Hugs at kartet inneheld grenser med både god og dårleg kvalitet. Enkelte av grenselinjene må du rekna som skisser - dei kan vera fleire meter feil. Dersom du oppdagar at ei grense er feil eller har informasjon om ei grense som ikkje er registeret ta kontakt med oss i kommunen eller send inn skjema med krav om retting av feil. Skjema med krav om retting av feil (PDF, 217 kB) Send skjema på e-post her eller per brev til: Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES. Opplysningar om bygning Opplysningar om bygning kan du kontrollera på Sjå eigedom Matrikkelen viser alle bygningar som er registrert på ein eigedom. I "Se eiendom" ser du mellom anna informasjon om bygningstype og godkjent status for bygningar. Dersom du oppdagar feil ta kontakt med oss i kommunen eller send inn Skjema med krav om retting av feil (PDF, 217 kB) Send enten på e-post her eller per brev til: Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES. Opplysningar om adresse Opplysningar om adresse kan du kontrollera på: Sjå eigedom Matrikkelen inneheld opplysningar om adresse. Alle hus, hytter, andre bygningar og eigedomar i Noreg bør ha ei vegadresse. Enkelte feil i kartet kan du melde til kartverket. Sist endra 16.01.2021 07:01