Om planvask
Planvask går ut på å oppdatere og revidere arealplanar ved å vurdere og eventuelt endre kva eit område skal nyttast til eller korleis det kan byggjast i området. Føremålet med dette er å sikre at plangrunnlaget er oppdatert med omsyn til dagens kunnskap, lovverk og politikk. Dette vil være meir forutseieleg for grunneigara, utbyggjarar og kommunens saksbehandlarar.
Føremål i kommuneplanens arealdel (KPA)
Det har vært eit generelt problem i mange kommunar at ein i rullering av kommuneplanens arealdel tar inn nye områder til utbygging og sjeldan tar ut gamle. Dette har ført til store arealreservar i kommunane, og i tillegg er mange av dei gamle områda ikkje vurdert etter dagens krav og registreringar, då ein berre gjer konsekvensutgreiingar (KU) på dei nye areala. Ein planvask vil gjere at ein større del av avsette områder til utbygging er reelle og realistiske, sjølv om det framleis vil kunne være tema/kunnskap som må avklarast i ein detaljregulering, døme kan være skred- og flaumfare, og omsyn til kulturminne.
Det er omtrent 1000 arealflatar med utbyggingsføremål, som ikkje ligg i gjeldande reguleringsplanar. Det varierer kor mykje disse er bygd ut, og det vil bli fokusert på det som er planreserve/ubygd areal innanfor disse flatane. Vurderingane i planvasken vil framgå av eigne planvaskdokument.
Gjeldande reguleringsplanar
Reguleringsplanar må vurderast opp mot gjeldande føringar, som til dømes nye registreringar, strengare jordvern og strandsoneforvaltning, og krav til kvalitet på reguleringsplanar. Bømlo kommune har ca. 265 vedtekne reguleringsplanar. Blant disse er det planar som ikkje ivaretek gjeldande føringar godt nok eller som er ferdig utbygd og kan ivaretakast godt nok direkte i KPA.
I planvasken blir det gjort ein vurdering på om gjeldande reguleringsplan bør opphevast og det vil bli gjort ei vurdering av om eksisterande arealføremål frå reguleringsplanane vert vidareført, justert eller endra frå utbyggingsføremål til LNF i ny KPA. Vurderingane vil framgå av eigne planvaskdokument. Før ein reguleringsplan kan opphevast må grunneigarane i planområdet bli varsla om dette ved brev, det vil være naturleg at dette brevet omtaler resultatet av planvasken.
Metode for planvask
I forslaget som var på høyring i 2024 var det starta litt på planvask. Det var foreslått å ta ut nokre få urealiserte areal som var avsett til bustad, og det blei gjort ein forenkla gjennomgang av gjeldande reguleringsplanar. I høyringa fekk me tilbakemelding på at dette ikkje var godt nok og Statsforvaltaren varsla at manglande planvask gir grunnlag for motsegn.
Det er utarbeida eit notat som omtaler metode og prinsipp for planvasken, denne var oppe til formannskapet til godkjenning i møte 09.05.2025. Formannskapet godkjente notatet, men la til eit par tilleggspunkt, blant anna om at notatet skal bli vurdert etter at det er gjennomført møte med Statsforvaltar og fylkeskommune for å diskutere nivået på planvasken, og ein ser meir omfanget av arbeidet.
Under ligg dokumenta frå formannskapet 09.05.2025.
Etter gjennomført møte med Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune blei notatet revidert og sendt til ny godkjenning i formannskapet 28.08.2025. Under ligg dokumenta frå dette formannskapsmøte.