Psykisk helseteam for barn og ungeEit lågterskel tilbod for barn og unge i alderen 0–20 år og familiane deira. Psykisk helseteam består av fagpersonar frå ulike avdelingar i Barne- og familietenesta som arbeidar førebyggjande og behandlande med psykiske plager, rusutfordringar og samansette livsvanskar. Tilbodet omfattar individuell oppfølging, samtalegrupper og fagstøtte til andre tenester som helsestasjon, skulehelsetenesta, barnevern og skular.Målet er å styrke eigenmestring, støtte foreldre i omsorgsrolla og bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge i kommunen vår.Be om hjelpForeldre og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss. Det er ikkje naudsynt med tilvising frå fastlege eller andre. Samarbeidspartnarar kan og formidla kontakt med oss på vegne av familien eller barnet/ungdomen.Alle som tek kontakt får tilbod om konsultasjon innan to veker. Fyll ut skjema for hjelp frå Psykisk helseteam barn og unge (PDF, 2 MB)Skjemaet sender du over eDialog eller som brev til: Barne- og familietenestaPsykisk helseteam for barn og ungeLeirdalen 15430 Bremnes Dersom du har spørsmål om utfylling av skjema eller anna kring Psykisk helseteam for barn og unge, ta kontakt med oss på telefon: 54 32 33 30 Psykisk helseteam består av: KommunepsykologForedrerettleiiar og - terapeutPsykisk helsearbeidar UngdomskontaktKoordinator sosiale tenester barn og unge Sist endra 30.10.2025 16:04