Ungdomskontakten

Ungdomskontakten består av trygge vaksne som arbeider førebyggjande med ungdom i alderen 12–23 år, samt deira foreldre og føresette. Me har fokus på tema som rus, kriminalitet og psykososiale utfordringar og jobbar for å støtte ungdom og familiane deira i krevjande situasjonar.

Målet vårt er å vere synleg og tilgjengeleg for alle ungdomar, føresette og tilsette i Bømlo kommune. Ungdomskontakten skal til ei kvar tid ha eit godt overblikk over kva som rører seg i ungdomsmiljøet og på fritida deira.


Dette gjer me:

  • Gjennomfører årleg rusførebyggjande undervisning klassevis på ungdomsskule og vidaregåande skule
  • Er til stades i friminutt og på ulike arrangement for ungdom
  • Følgjer opp ungdom og føresette som treng ekstra støtte eller vegleiing knytt til fritid, ungdomsmiljø og bekymringar kring rus


Vil du koma i kontakt med oss?
Du er hjarteleg velkommen til å ta kontakt – me er her for deg!

Telefon: 975 976 18
Snap: ungdomskontaktb

Du kan og melde saka inn skriftleg via dette kontaktskjemaet (PDF, 2 MB) til Psykisk helseteam for barn og unge, som ungdomskontakten er ein del av.  
 

Ungdomskontaktar i Bømlo kommune

 

Marianne Undheim
Mobil: 975 976 18
send e-post til

 

Marianne Lidal
Mobil: 948 75 454
send e-post til