Bømlo Kulturskule, ved songlærar Arne Kvarven, tilbyr undervisning i song for alle frå 5. klassealder og oppover.
Undervisningen fokuserer på songteknikk, formidling og songglede!
Repertoaret er svært variert, alt frå til dømes pop og rap, til opera og klassisk. Elevane blir introdusert for fleire ulike språk og elevane får også moglegheit til å velge songar dei har lyst til å syngja sjølv.
Elevane får trene seg i å syngja for andre gjennom ulike konsertformar, og denne treningen legges til rette for den enkelte eleven.
Frå ungdomsskulealder og fram til 25 år får elevane undervisning i korsong i kulturskulen sitt eige Bømlo Ungdomskor. Dette skjer på utvalgte veker i semesteret, såkalla «korveker». Bømlo Ungdomskor syng kvart år i Kulturskulen sine tradisjonsrike Adventskonserter i Moster og Bremnes kyrkje, fyrste helga i advent.
Me har også eit tilbod i sanggruppe. Dette er eit tilbod for born frå 1. til 4. klasse.
Songundervisninga skjer på Bømlo Kulturhus og på Moster skule.
Søknadsskjema