Bømlo kommune brukar Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule, SFO og barnehagar.
Føresette kan logge inn på løysinga ved å gå til vigilo.no/bomlo og logge inn med BankID. Her finn ein blant anna nedlasting av app, informasjon og veiledningar.
Svortland skule er Bømlo sin største barneskule med ca 320 elevar og ca. 65 tilsette. Skulen har elevar frå mange ulike land, og ca. 30% av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn. Skulen har innføringstilbod for nyankomne minoritetsspråklege elevar.
Skulen ligg i kommunesenteret Svortland, med Svortlandsmarka som næraste nabo. Like ved ligg også Sentralidrettsanlegget, to barnehagar, Bremnes ungdomsskule og Bømlo vidaregåande skule.
Sist endra 07.08.2025 10:40