Digihelse

Digihelse er ei kommunikasjonsplattform på Helsenorge.no, der du som mottek heimeteneste kan kommunisere med tenesta.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kva er digihelse?

Eit trygt og sikkert kommunikasjonsforum for brukar, pårørande og helsepersonell.

På helsenorge kan du:

  • Avlysa planlagte besøk eller teneste du ikkje treng
  • Sjå framtidige besøk av heimetenesta i kalenderen
  • Skriva melding til heimetenesta, helsenorge.no er alltid open
  • Meldingar vert lagra i din pasientjournal, slik at du enkelt kan sjå kva du har skreve tidlegare.
  • Gje fullmakt til pårørande som kan hjelpa deg og bruka helsenorge.no

Fullmakt:

Ved fullmakt frå deg som brukar kan pårørande få tilgong og hjelpa deg å bruka helsenorge.no. Det er mogleg for pårørande å få tekstmelding eller e-post når heimetenesta har vore på besøk hos deg.

Her finn du fullmaktsskjema til helsenorge.no

Kven er på helsenorge.no?

  • Kommunehelsetenesta
  • Fastlegar
  • Sjukehus

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. 

Du kan og laste Helsenorge ned som ein gratis app til mobiltelefon.

For meir informasjon:

Her kan du lesa brosjyra frå helsenorge.no