Kva er velferdsteknologi?
Velferdsteknologi er teknologiske hjelpemidlar/løysingar som til dømes tryggleiksalarm, medisindispensar, fallsensor, dørsensor og lokaliseringsteknologi. Løysningane gjer det lettare å meistra eigen kvardag og gjev moglegheit til å bu lengre heima.
Helsetenester i heimen - med ynskje om å bu heime lengst mogleg (PDF, 2 MB)
Kven kan få tilbod om velferdsteknologi?
Velferdsteknologien kan vera til hjelp dersom du:
- Har nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne
- Har svekka sansar (til døme hørsel eller syn)
- Har kognitiv svikt
- Kjenner deg utrygg heima
- Har hatt fall og/eller står i fare for fall
Krav til søkjar for å kunna få velferdsteknologi:
- Du må bu i Bømlo kommune
- Du må kunna nytta deg av denne teknologien
- Du treng hjelp til å kjenna deg trygg heima
Kva slag velferdsteknologi tilbyr me:
Tryggleiksalarm er ein knapp som du kan ha som eit smykke rundt halsen eller på handleddet. Når du trykker på knappen vil heimetenesta i kommunen få beskjed. Tilsette i heimetenesta rykker ut uansett kva tid på døgnet det er. Saman med tryggleiksalarmen får du med ein røyksensor med direkte kobling til alarmsentral og ein nøkkelboks der ekstranøkkel til husværet ditt vert oppbevart.
Dette er ein dosett som varslar med lyd og lys når du skal ta medisinen din. På denne måten får du rett medisin til rett tid. Dispenseren registrerer om du tar medisinen. Dersom du ikkje gjer det går det eit varsel til heimetenesta som vil ta kontakt med deg.
Rørslesensorar er ulike sensorar som registrerar og varslar rørsle. Dette kan blant anna vera sengesensor som varslar når det har vore fråvær frå senga over ein gitt periode, dørsensor som varslar dersom du går ut døra eller ein fallararm som gir beskjed om du dett. På denne måten kan du få hjelp til rett tid, når uhellet faktisk oppstår.
Digitalt tilsyn er eit tilsyn ved hjelp av eit kamera som vert montert opp heime hos deg. Ofte brukt i staden for vanleg tilsyn om natta. Antall tilsyn og tidspunkt vert avtala saman med deg. Ved bruk av tilsyn digitalt treng ikkje heimetenesta låse seg inn til deg. Dette gjer at det vert mindre uro for deg og du kan få betre søvn.
Bruk av GPS gjer det mogeleg å sjå kvar ein person oppheld seg. Dette kan enten bli gjort ved at du sjølv trykkjer på ein alarmknapp, eller at tenestene eller pårørande kan gå inn og sjå kvar du er. Vurdering av samtykkekompetanse og krav om personvern vil bli grundig ivaretatt. Lokaliseringsteknolgi er eit godt alternativ for brukarar som ikkje klarar å nytte telefon.
Digital heimeoppfølging er avstandsoppfølging og teknologi som gjer at du kan følgjast opp heime av helse- og omsorgstenesta ved hjelp av ein smarttelefon eller eit nettbrett.
Digital heimeoppfølgjing nyttar chatfunksjon, sikker videokonsultasjon med helsepersonell og skjema/spørsmål til helseoppfølging.
Slik søkjer du:
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.
Søknadsskjema for tryggleiksalarm eller anna velferdsteknologi finn du her (PDF, 406 kB)
Digitalt søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.
Send søknad til:
Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Kva kostar det?
Du betalar fast månadleg leige for tryggleiksalarm.
Her finn du oversikt over prisar og gebyr i Bømlo kommune
Kor kan du får meir informasjon?
Har du spørsmål eller treng hjelp til å til ut søknaden, eller har du spørsmål rundt oppkobling/nedkobling? Ring oss på telefon 53 42 34 70
Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg og avtalar heimebesøk dersom du treng det i forhold til kva du søkjer om.
Tenestekontoret sender deg eit vedtak etter søknaden er behandla. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det.
Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70