Tryggleiksalarm/velferdsteknologi

Tryggleiksalarm kan du søkje om dersom du bur heime, har nedsett funksjonsevne og har behov for å kunna varsla om du treng hjelp.

Kommunen tilbyr og anna teknologi som kan knyttast opp mot trygghetsalarmar -såkalla velferdsteknologi.

Kva er velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er teknologiske hjelpemidlar/løysingar som til dømes tryggleiksalarm, medisindispensar, fallsensor, dørsensor og lokaliseringsteknologi. Løysningane gjer det lettare å meistra eigen kvardag og gjev moglegheit til å bu lengre heima.

Kven kan få tilbod om velferdsteknologi?

Velferdsteknologien kan vera til hjelp dersom du:

  • Har nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne
  • Har svekka sansar (til døme hørsel eller syn)
  • Har kognitiv svikt
  • Kjenner deg utrygg heima
  • Har hatt fall og/eller står i fare for fall

Krav til søkjar for å kunna få velferdsteknologi:

  • Du må bu i Bømlo kommune
  • Du må kunna nytta deg av denne teknologien
  • Du treng hjelp til å kjenna deg trygg heima

Kva slag velferdsteknologi tilbyr me:

Velferdsteknologi

Slik søkjer du:

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.

Søknadsskjema for tryggleiksalarm eller anna velferdsteknologi finn du her (PDF, 375 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Kva kostar det?

Du betalar fast månadleg leige for tryggleiksalarm.

Eigenbetaling pleie- og omsorgstenester

Kor kan du får meir informasjon?

Har du spørsmål eller treng hjelp til å til ut søknaden, eller har du spørsmål rundt oppkobling/nedkobling? Ring oss på tlf 53 42 34 70

Korleis blir søknaden behandla kor kor lang tid tek det?

Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtala eit heimebesøk for å snakka med deg om ditt hjelpebehov.

Tenestekontoret sender deg eit vedtak etter heimebesøket. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 


Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70

Til toppen