Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørandeDenne sida gir deg ein oversikt over kva tilbod som finnes til heimebuande personar med demens, og kven som forvaltar kva i kommunen og andre sentrale samarbeidspartar.Tenestekontoret Tenestekontoret har tilbod om demenskoordinator, hukommelsesteam og støttekontakt. Demenskoordinator i Bømlo kommune Demenskoordinatoren i Bømlo kommune er eit bindeledd mellom deg som har ein demens diagnose, dine pårørande og hjelpeapparatet. Demenskoordinator er eit lågterskel tilbod for deg som har eller har mistanke om ein demensdiagnose, pårørande, helsepersonell og andre som treng hjelp, rettleiing og informasjon.Kva gjer ein demenskoordinator?Gjev støtte, råd og rettleiing til deg som har demens og til pårørande. Dette kan vera både individuelt eller i grupper.Gjev informasjon om tilbod og tenester.Samarbeidar med fastlegane og spesialisthelsetenesta.Samarbeidar med heimetenesta og dagtilbodet til personar med demens, både i høve oppfølging av den enkelte brukar og deira pårørande. Samt utvekslar erfaringar og deler fagkunnskap.Bidra til fagutvikling og undervisning.Leiar kommunen sitt hukommelsesteam, som samarbeida med fastlegane i høve utgreiing og oppfølging av personar med demens og deira pårørande.Kven kan ta kontakt?Alle som er ramma av demens kan ta kontakt ved behov med demenskoordinator. Det kan vera du som har ein demensdiagnose, familie, vener og helsepersonell.Kva kostar det?Tilbodet er gratis.KontaktinformasjonDemenskoordinator Anna Iren S. StavlandMobil: 482 90 113Telefon: 53 42 34 70Send e-postBesøksadresse: TenestekontoretLeirdalen 255430 Bremnes Hukommelsesteam Hukommelsesteamet blir leia av demenskoordinator. Teamet samarbeidar med fastlegane i høve utgreiing og oppfølging av personar med demens og deira pårørande.Teamet samarbeider med Bømlo Demensforeining om pårørandeskule, og demenskoordinator er fagperson i styre i Bømlo demensforeining. Støttekontakt Støttekontakt er eit tilbod om individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon. HeimetenestaHeimetenesta organiserer fylgjande tiltak på bakgrunn av vedtak om tenester Tryggleiksalarm/Velferdsteknologi Tryggleiksalarm/Velferdsteknologi er teknologiske løysingar som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og aktivitet. Døme på velferdsteknologi er tryggleiksalarm inkl. røyksensor, medisindispenser, rørslesensor, digitalt tilsyn, lokaliseringsteknologi-GPS, digital heimeoppfølging. Dagtilbod Eit dagtilbod til eldre personar med demens som ynskjer å delta i aktivitetar i dagtilbodet, eller ynskjer eit ambulerande dagtilbod i eigen heim. Tilbodet har som målsetjing å stimulera, aktivisera og gje gode opplevingar. Samstundes kan pårørande få verdifull avlastning. Dagtilbodet på Bremnes er ope fem dagar på dagtid og ein ettermiddag i veka. Dagtilbodet på Søre-Bømlo omsorgsområde er ope ein dag i veka. Heimehjelp - (praktisk bistand) Heimehjelp - (praktisk bistand) - er eit tilbod til deg som framleis vil bu heime, men treng hjelp til reingjering eller handling. Sjå brosjyren Trygghet i hjemmet for eldre (DSB) (PDF, 2 MB) Middag til heimebuande Middag til heimebuande – tilkøyrt middag er eit tilbod til deg som ikkje kan laga eller varma deg ferdiglaga middag sjølv. Heimesjukepleie Heimesjukepleie er helsehjelp som blir gitt heime hos pasienten. InstitusjonPå institusjon kan ein få tilbod om opphald for kort- og langtid og avlasting. Korttidsopphald Korttidsopphald – du kan søkje om korttidsopphald dersom du har behov for heildøgns pleie og omsorg i ein periode. Har du behov for gjentakande korttidsopphald over tid, kan du søkja om rullerande opphald i sjukeheim. Avlastningsopphald Avlastningsopphald - eit tilbod til enkeltpersonar eller familiar som har tunge omsorgsoppgåver. Formålet med tenesta er å gje påørande naudsynt ferie og fridtid slik at den som treng omsorg kan bu heima så lenge som mogleg. Langtidsopphald Langtidsopphald – du kan søkje om langtidsopphald dersom du har eit varig behov for pleie og omsorg gjennom heile døgeret. Frivillige og nyttig informasjon Bømlo Frivilligsentral Bømlo Frivilligsentral – lagar gode og trygge møteplasser på tvers av generasjonar, sivilstatus og etnisk bakgrunn.Besøk nettsida til Bømlo frivilligsentralBømlo frivilligsentral på Facebook Bømlo Demensforeining Bømlo Demensforeining arbeider for betre demensomsorg i kommunen, arrangerer aktivitetar, pårørandeskule og samtalegrupper. I demensforeininga kan både pårørande og demenssjuke møta andre i same situasjon. Lær meir om Nasjonalforeningen for folkehelse Nasjonalforeningen for folkehelse - lokallag i HordalandBømlo Demensforeining har Facebook-side Bømlo Røde Kors Besøksven Bømlo Røde Kors Besøksven er eit tilbod for menneske som av ulike grunnar ynskjer meir kontakt med andre mennesker. Røde Kors Besøksvenner bidrar til å gjera kvardagen lettare for einsame i alle aldrar.Les om Besøksven i Bømlo Røde Kors Bømlo kyrkjelege fellesråd - Diakoni Diakoni er kyrkja si omsorgstenesta. Treng du nokon som kjem innom deg eller treng du lag for å koma ut ein tur? Då er kanskje besøkstenesta noko for deg. Les meir om diakonitenesta til Bømlo kyrkjelege fellesråd Framtidsfullmakt - Statsforvaltaren Demens og anna alvorleg sjukdom kan gjere at du ein gang i framtida treng hjelp. Dersom du opprettar ei framtidsfullmakt, kan du bestemme at nokon du stolar på , skal ta vare på interessene dine den dagen du ikkje klarer det sjølv.Lær meir om framtidsfullmakt hos Statsforvaltaren Verge - Statsforvaltaren Det å få oppnemnt ein verge inneber at du får hjelp til å gjera større avgjerder og at du har nokon som kan ivareta interessene dine, slik at du kan fungera på lik linje med andre personar i samfunnet. Vergemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verge eller ikkje.Lær meir om Vergemål hos Statsforvaltaren Nasjonal plan for demens 2025 Demensplan 2025 - Helse- og omsorgsdepartementet Handlingsplan helse sosial og omsorg (HSO) 2023-2024 i Bømlo kommune Punkt 10 i Handlingsplan helse sosial og omsorg (HSO) 2023-2024 Sist endra 30.04.2025 10:45