Ergo- og fysioterapi for barn og ungeFysioterapeutane og ergoterapeutane gir individuelt tilpassa tiltak for barn og unge med nedsett funksjonsevne, motorisk vanskar, kognitive vanskar og aktivitetar i dagleglivet (til dømes påkledning eller måltid).Kva kan me tilby?Fysio- og ergoterapeutar har kompetanse til å vurdera funksjonsproblem og bidra til tiltak som kan styrka barnets funksjonsevne og deltaking. Det kan vera på områder som:GrovmotorikkFinmotorikkMunnmotorikkKognitive vanskar Tiltaka vert gjevne på bakgrunn av undersøking og observasjon/kartlegging. Kartlegginga kan føregå både hos oss eller i barnets vante omgjevnadar (barnehage/skule/heim). Ofte er det ein kombinasjon av desse to. Utifrå kva me har observert, finn me tiltak som kan bidra til å fremja meistring, deltaking og sjølvstende hos barnet. Dette blir gjort gjerne i form av leik, målretta tilpassa aktivitetar eller trening. Foreldre og samarbeidspartnarar vert inkludert i prosessen ved vegleiing.Kva kostar det?Det er ingen eigenandel for dei som er under 16. Eigenandel etter gjeldande takstplakat for dei over 16 år. Det er same frikort som for lege.Korleis tek ein kontakt?Du kan ta kontakt med tenesta på telefon, eller lever/send tilvising. Me tek og i mot tilmeldingar frå fastlegar, sjukehus og andre. E-post kan brukast for å få kontakt, men hugs at det ikkje må sendast sensitiv informasjon på e-post.ErgoterapeutBritt Mari FarestveitTelefon: 908 22 991Send epost FysioterapeutKathrine HopenTelefon: 908 33 156Send epost Publisert av Tonje Stautland Sist endra 29.01.2025 15:56