Velkommen til gøy badebursdag i Bømlo Symjehall!

Pris
230,- pr. barn
Prisen inkluderer ei pølse i brød, ein is og ein slurp til alla barna. Dette blir servert på dekka bord i foajeen i 2. etasje (papptallerken)
Det er lagt opp totalt 2,5 timar. 1,5 time bading inkl. garderobe og 1 time mat og sosialt.
1 voksen pr. 3 barn (vaksne utover dette betalar eigen inngang). Mat til vaksne inngår ikkje i pris.
- Ekstra bordpynt/kake eller liknande kan medbringast om ønskelig. Me har kjøleskap til oppbevaring
Minimum antall barn 6 og max 15 barn.
Depositum kr 300 blir betalt ved bestilling. Resterende beløp blir betalt ved ankomst i vaktbua. Depositum vert ikkje tilbakebetalt ved kansellering.
Tidspunkt for badebursdag
- Torsdagar: Bading kl. 17:00 og mat kl. 18:30
- Fredagar partalsveker: Bading kl. 17:00 og mat kl. 18:30
- Ved ønske om andre tidspunkt/dagar ta kontakt på mail: bomlo.symjehall@bomlo.kommune.no, eller tlf. 908 03 867.
Tryggleik
Av hensyn til tryggleik skal det vere ein badande vaksen pr. 3 barn under 10år. For barn mellom 10-12år må det også vere ein vaksen pr. 3 barn, men vaksne kan då vere på land. Dersom eit av barna ikkje kan symja gjeld regelen om badande vaksen uansett alder.
Nedre aldersgrense for bursdagsfeiring hos oss er 6år.
Ordinære reglar i symjehallen gjeld, og badevert går gjennom desse med barna før ein går i bassenget.