Strandrydding

Strandrydding er eit tiltak som førebyggjer mot spreiing av marint avfall. Ved å rydde marint avfall i naturen bidreg du til å hindre øydelegging av strendene, kysten vår, og det marine økosystemet.  Dersom du har lyst til, eller har plukka marint søppel, så finst det ulike ordningar som kan gjere det kostnadsfritt for deg som frivillig ryddar. 

Marint avfall er avfall som forsøplar og er rydda frå strender, havet, i og langs vassdrag og innsjøar. Avfall i væskeform, som olje, parafin og andre kjemikaliar, reknast ikkje som marint avfall.