Etablerarprøve for serveringsstad

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.

Kor kan du ta prøva?

Du kan ta prøven på rådhuset. Ring 53 42 30 00 for å avtale tidspunkt. Det er nok å avtale nokre dagar i forkant. 

Gjennomføring av prøven

  • Prøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøven må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling.
  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete, eller nasjonalt ID-kort).
  • Du kan ta prøven fleire gongar om du ikkje består.

Hugs å ta med gyldig legitimasjon som pass, førarkort, bankkort med bilete, eller nasjonalt identitetskort.

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner kvar gong du tar prøva. 

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum og kan kjøpast på www.vinn.no

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.