Skjenkeløyve

Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld i opp til 4 år. 

Når treng du skjenkeløyve?

Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol må du søke.

Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må først søke om serveringsløyve, deretter skjenkeløyve.

Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader mens du ventar på at søknaden vert behandla. 

Korleis få skjenkeløyve?

Styrar og reservestyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve.

Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva

Styrar og reservestyrar må vere over 20 år.

Styrar og reservestyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.

Det er krav om uklanderleg vandel.

Slik søker du

Søk om fast skjenkeløyve

Vedlegg du må ha med

Firmaattest for alle selskap involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no

Foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.no

Skatteatest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no

Teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering.

Bevis for godkjent kunnskapsprøve som stadfestar greidd prøve.

"Konseptutgreiing": opplysningar om kva slags skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknytning til skjenkestaden.

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen. 

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om skjenkeløyve

Korleis levere omsetnadsoppgåve?

Alle som har eit skjenkeløyve skal betale eit årleg bevillingsgebyr til kommunen. Gebyret blir rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsetje neste år. Kvar skjenkestad må melde inn omsetnadssoppgåve for alkoholholdig drikke kvart år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta

Omsetningsoppgåve for alkohol - skjenkeløyve - bomlo